12 dagar før valet presenterer NRK den siste av to supermålingar.
I løpet av to veker midt i august er 15.200 veljarar i alle valdistrikt spurde om kva dei ville stemt om det var val i dag.
Målinga viser at Sørlandet og Vestlandet ønsker seg eit regjeringsskifte, men at austlendingane bryt andre vegen.
I sum betyr det ei mandatfordeling på 88–81 i raudgrøn favør.
Norstat, som har utført undersøkinga, presiserer at leiinga svarer til mindre enn 100.000 stemmer. Eller rundt 3 % av dei som kjem til å stemme.
Sjå fleire av hovudfunna under.
Meningsmåling august 2025 Hvordan ville Norge stemt?
Vis i tillegg
Forrige måling Valget i 2021 Feilmargin
27,6 % | −1,8 |
21,2 % | +0,6 |
14,6 % | −3,8 |
6,8 % | +0,3 |
6,4 % | +1,0 |
5,6 % | +0,1 |
4,7 % | +1,2 |
4,6 % | +1,5 |
4,4 % | +0,4 |
0,1 % | −0,1 |
Partimåling fra Norstat for august 2025 med til sammen 15 200 spurte i alle landets valgdistrikter. Viser endring fra tilsvarende «Supermåling» i mai.
Dette fortel den siste supermålinga til NRK:
- Framgangen er størst for MDG, KrF og Raudt.
- I tillegg til at dei har god klaring til sperregrensa, så er KrF inne med fleire direktemandat til Stortinget (to i Rogaland og éin i Møre og Romsdal).
- Støre-regjeringa ligg an til å fortsette, men må halde seg inne med fire støtteparti på Stortinget: SV, Sp, Raudt og MDG.
- Om MDG fell under den «magiske» sperregrensa, kan det endre heile reknestykket.
- Den same dynamikken gjeld på andre sida av «midtstreken»: Eit borgarleg fleirtal står og fell på at både KrF og Venstre «smyg seg» over sperregrensa, og at nokon på motsett side (mest sannsynleg MDG) ikkje gjer det.
- Alle «sperregrense-kameratane» greier det magiske firetalet med (ganske) god margin.
- Utjamningsmandata fordeler seg slik: SV (5); Venstre (4); MDG (4); Raudt (3); KrF (2); Senterpartiet (1).
- Småpartia er utraderte, men Pasientfokus snusar på eit mandat i Finnmark.
- Framstegspartiet er større enn Høgre i alle distrikt bortsett frå Oslo.
- Høgre går tilbake frå supermålinga i mai, og er berre nest størst i eitt distrikt (Oslo). Ellast er partiet på 3. eller 4. plass i alle distrikt.
Dei borgarlege har overtaket i dei grå valdistrikta, og dei raudgrøne er i overtal i dei raude distrikta.
Listhaug: – Naturleg at det største partiet får statsministeren
I supermålinga har Frp fleire mandat (41) enn Høgre, KrF og Venstre har til saman (40).
Tysdag formiddag gjekk Kristin Clemet, som er leiar i den liberal-konservative tankesmia Civita, ut med ei bønn til den borgarlege koalisjonen om å gjere det tydelegare at det er Solberg – og berre henne – som er statsministerkandidat på blå side.
Resonnementet bygger på at høgresida må få med seg lilla-veljarane om dei skal vinne valet, og at desse treng ei forsikring om at dei ikkje «risikerer» å gjere Listhaug til statsminister.
Konfrontert med dette svarer Sylvi Listhaug at det er «naturleg at det største partiet får statsministeren»:
– Den einaste måten vi kan vinne på er at vi hentar veljarar over til blå side. Det er det per nå stort sett Framstegspartiet som gjer. Så viss alle parti gjer jobben sin og hentar veljarar, så greier vi å få til eit nytt fleirtal.
Flertall på Stortinget Antall stortingspolitikere
10 | 2 | |
11 | -2 | |
51 | 3 | |
9 | -19 | |
7 | 4 | |
7 | 4 | |
7 | -1 | |
26 | -10 | |
41 | 20 | |
0 | -1 |
Viser hvor mange politikere partiene ligger an til å få valgt inn på Stortinget ifølge NRKs partimåling august 2025. Sammenlignet med hvor mange partiene fikk inn ved valget høsten 2021.
– Mange er lei av at nesten ingen snakkar om klima
– Valet ligg an til å bli ein skikkeleg sperregrensethriller, seier MDG-leiar Arild Hermstad.
For fire år sidan var partiet 1721 stemmer unna sperregrensa.
Det freistar ikkje til gjentaking, symbolisert ved at nestleiar i partiet, Ingrid Liland, har søkt skatteetaten om å byte namn til «Ingrid Sperregrensen Liland». I kampen for firetalet skal ingenting vere uprøvd.
Hermstad peikar på to grunnar til at partiet trendar oppover, og kan bli garantisten for eit raudgrønt fleirtal.
– Vi snakkar med veldig mange som er lei av at nesten ingen snakkar om klima, og folk vil at Noreg skal gjere meir for Palestina. Eg trur det er noko av grunnen til at vi veks nå, men vi tar ingenting for gitt.
Hordaland-kandidat Sveinung Rotevatn (V) argumenterer for at det er høgresida som er nøkkelen til ein ny og meir offensiv klimapolitikk:
– Venstre er det einaste miljøpartiet som både vil og realistisk sett kan kome i regjering etter valet, seier han.
– Venstresida sine miljøparti har gitt blankofullmakt til fire nye år med Arbeidarpartiet sin stilleståande klimapolitikk.
Sjå fleire reaksjonar på supermålinga under.
Beate Oma Dahle / NTB
Jonas Gahr Støre, leiar i Arbeidarpartiet
Det realistiske nå er ei arbeidarpartiregjering. Målingar nå og fram til valet kjem eg til å kommentere ved å seie at eg er på valkamp for Arbeidarpartiet. Eg skal gjere det best moglege valet der. Så får vi samanfatte etterpå. Men det som sameiner parti som vil støtte ei Arbeidarpartiregjering, er at dei ikkje ønsker ei Framstegsparti-leidd regjering.
Aurora Ytreberg Meløe / NRK
Erna Solberg, leiar i Høgre
Vi jobbar på, for det som er heilt sikkert er at Høgre må bli større om vi skal få fleirtal for å skifte ut Støre. Valet står mellom ei ny regjering med Høgre i front for sterkare økonomi og eit tryggare Noreg, eller åtte lange og kaotiske år med Støre som må styre med Raudt, MDG, SV og Sp.
Emilie Holtet / NTB
Trygve Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet
Vi går litt mindre opp her enn på andre målingar, men det er kraft i laget og det er fleire som dett ned frå gjerdet og ser at Sp er partiet deira. Dei ser at sentraliseringspolitikken er feil og ønsker nasjonal kontroll på ressursane. Det er mykje spel nå, men vi skal jobbe vidare, og da kjem veljarane.
Beate Oma Dahle / NTB
Marie Sneve Martinussen, leiar i Raudt
Eit stort og sterkt Raudt er vegen til å halde Erna Solberg og Sylvi Listhaug ute av statsministerbustaden. Og når Ap prøver å halde igjen, og vil styre aleine og køyre slalåm, så understrekar det berre kvifor folk må stemme på Raudt for å gi oss styrken til å få ned forskjellane.
Aurora Ytreberg Meløe / NRK
Kirsti Bergstø, leiar i SV
Nå ser vi eit tydeleg raudgrønt fleirtal, det er avgjerande for eit godt samfunn. Men vi får ikkje raudgrøn politikk utan eit sterkare SV. Vi gir aldri opp i kampen for solidaritet, sterke fellesskapar, miljø og mindre forskjellar.
Publisert 27.08.2025, kl. 05.59 Oppdatert 27.08.2025, kl. 06.21