Svakaste dollar på meir enn tre år

3 weeks ago 22



Dollaren har fått seg ein kraftig smell etter at Kina valte å auke tollsatsen på amerikanske varer frå 84 til 125 prosent fredag.

Ein euro kostar 1,13 dollar fredag ettermiddag, som er den svakaste dollarkursen sidan februar 2022, ifølgje data frå Infront.

– Alt skuldast Donald Trump sin tollpolitikk, og Kina sitt tollsvar, seier valutastrateg Dane Cekov.

Faktisk har dollaren svekka seg 10 prosent mot euro så langt i år, rett nok frå eit nokså sterkt nivå.

– Det er meir smerte i vente for dollaren. Investorane ser at den amerikanske økonomien vil svekkast som følgje av tollkrigen.

– Investorane har ikkje lenger tillit til USA, seier Cekov, som ser at både amerikanske aksjar, statsobligasjonar og dollaren fell i verdi.

Europa og euro er den nest største marknaden å gå til.

– Det er euro, japanske yen og sveitsiske franc som drar mest nytte av sjølvskadinga Trump påfører amerikansk økonomi, seier Cekov.

Read Entire Article