Synest nordmenn er tafatte – Eivind vil inspirera andre til å gripe dagen

4 weeks ago 15



Eivind Eide Wirak (28) vil få folk opp av sofaen og førebygga einsemd med «Prosjekt 52».

Sola skin ein torsdag i Bergen. Klokka er 16.15, men i staden for å vera på veg heim frå jobb, er Eivind på veg opp Landåsfjellet.

I sekken har han primus, ein termos fylt med mjølk og ein boks med cookiedeig. Å gå fjelltur har han gjort mange gongar, men han har aldri prøvd å steika cookies på primus før.

Dette er hans vesle eventyr denne veka.

Ønsket mitt for 2025 har vore å gjera fleire ting. Det kan vera åleine eller med vennar. Og det kan vera heilt nye ting, eller ein ting som eg berre vanlegvis ikkje gjer, forklarar han.

Vil kjenna på at han bruker livet sitt

På tampen av 2024 fekk Eivind ideen om å gjera éin ny ting éin gong i veka i eit heilt år.

Opplegget fekk namnet «Prosjekt 52».

Aller helst skal denne nye tingen skje etter jobb slik at Eivind kan få følelsen av at han nyttar kvardagane sine.

en mann i en ryggsekk som går gjennom skogen og lager mat på primus

Foto: Marit Eide / NRK

Foto: Marit Eide / NRK

Han vil ikkje berre legge seg på sofaen etter jobb og bli der.

– Eg har kjent på ein sånn tafattheit. Eg opplever at nordmenn generelt er meir tafatte og einsame. Eg trur at me kjenner meir på ei håpløyse enn det me har gjort tidlegare, fordi me bruker så mykje tid i oss sjølve, er på telefonen og liknande.

Sjølv om han innrømmer at det mest behagelege er jo å ligge på sofaen, så vil han ha følelsen av at han bruker livet sitt. Og då må ein skapa seg ein spanande kvardag, forklarer 28-åringen mens beina tar han oppover stien.

Eksempel på nye ting han har gjort er å gå Ulriken seks gongar på ein dag, for å gå høgda tilsvarande Galdhøgpiggen.

Det var jo kjempeteit, og eg hadde utruleg vondt i ei veke etterpå. Men eg syntest det var kjempegøy, og det vart ein samtale. Folk var sånn: «Kvifor gjorde du det?»

Ei anna veka inviterte han vennar på brettspel og pizza.

– Det må ikkje vera supernytt, men det må vera noko eg vanlegvis ikkje gjer. Det er ganske ope, og det har eg valt å gjera litt for min eigen del, men også for at det er lettare å få folk med på det.

Viktig med ein pustepause

Etter 15 minutt roleg gange og nokre høflege «hei» til forbipasserande, er dagens destinasjon nådd. Med utsikt over Bergen og Løvstakken legg Eivind ned liggeunderlaget og set seg ned.

Så tar han fram det som trengst for at turen skal bli «ein ting han ikkje har gjort før».

Christina H. Arnesen er psykolog ved Lian og Fjell. Ho fortel at når me gjer noko nytt, så skil me ut signalstoffet dopamin. Det gir oss ein digg følelse i kroppen.

– Eg trur også at det gir ein følelse av meistring om han får til å gjera noko nytt kvar veke. Det å kjenna at ein tar kontroll over eige liv bygger også sjølvtillit, forklarar ho.

Ho meiner det er lurt å setta seg eit enkelt mål, slik som Eivind har gjort.

Berre å gjera éin ting i veka kan gi deg ein følelse av at du er litt meir i kontakt med deg sjølv, og det som skjer her og no i ditt liv, ikkje i resten av verda.

Ei dame med langt blondt hår smiler til kamera.

Foto: Marit Eide / NRK

Psykologen meiner at det er særleg viktig no for tida.

Eg trur det er mange no som kjenner på ei sterk indre uro fordi me tek inn så utruleg mykje frå nyheiter og sosiale medium. Det er lett å kjenna på håpløyse og å kjenne seg overvelda av alt det som skjer i verda no.

Om du klarer å legga vekk telefonen og berre vera litt i din eigen kvardag, så får du ein slags pustepause.

Å vera ute, møta nokon eller laga mat regulerer nervesystemet og set oss i kontakt med det som faktisk er her og no.

Går ikkje alltid etter planen

I solsteika på Landåsfjellet byrjar det å lukte svidd.

For høg varme på primusen førte til både brent smør og svarte cookies.

en mann i en ryggsekk som går gjennom skogen og lager mat på primus

Foto: Marit Eide / NRK

Ein god metafor for at ikkje alle eventyra til Eivind har gått etter planen, eller vore ei fin oppleving, akkurat der og då.

Tidlegare i vinter var eventyret for veka å gå med hovudlykt på fjellet Løvstakken ein ettermiddag. Det nye elementet var at den vanlege kaffien var bytt ut med te, som han skulle nyta i snøen på toppen.

Lang historie kort: Eivind nådde ikkje toppen og teen måtte drikkast i bekmørket i ei grøft.

Då eg sat meg ned for å drikka teen så var han dritvarm og eg brann meg skikkeleg. Men eg kom meg ut på eventyr og fekk framleis ei historie å fortelje!

At ikkje alt går like bra som ein håpa, er viktig for Eivind å dela med følgarane sine. Livet er sjeldan like perfekt som på Instagram.

Varmen på primusen blir skrudd ned. Smøret i steikepanna blir tørka vekk med eit lommetørkle og forsøk nummer to på cookiesane er i gang.

Denne gongen går det vegen.

Mens han heller mjølk i trekoppane, forklarar 28-åringen at han har lyst til å inspirera andre til å ha fleire kvardagslege eventyr. Derfor legg han alltid ut vekas eventyr på både TikTok og Instagram.

Og for å inspirera andre til å hjelpa seg sjølv til å ta tak i tafattheita og einsemda. Til å klara å byggja seg ein kvardag som ein er litt meir stolt av.

Er nordmenn tafatte?

Dette med einsemd er viktig for fyren frå Grimstad. Dei siste åra har han engasjert seg i å finna ut korleis han kan få folk til å trivast betre i samfunnet og i seg sjølv.

– Når folk kjenner på den der tafattheita sit dei berre heime og skrollar, og då endar det med at folk heller ikkje gjer ting. Dei kjem seg ikkje ut og møter folk. Og då blir ein berre meir einsam.

Eivind har ein teori om at dersom ein ikkje finn på ting å gjera, så har ein mindre å snakka med andre om i lunsjen dagen etter. Og det forsterkar einsemda.

– I morgon når eg kjem på jobb kan eg seia at «i går laga eg cookiar på toppen av eit fjell». Det er ganske mykje gøyare enn å seia «i går skrolla eg i fem timar». Då er det lettare for meg å delta i samtalen, meiner han.

en mann i en ryggsekk som går gjennom skogen og lager mat på primus

Foto: Marit Eide / NRK

Det er psykolog Christina einig i. Ho trur at dersom du kjenner at du har noko å komma med inn i ein samtale, så kan det senka terskelen for å prata med folk.

Samtidig så er eg litt oppteken av at ein ikkje skal måtta gjera noko gøy for å vera «bra nok» til å vera med i samtalane heller.

Om du prøver å vera vennlegare og meir forståingsfull med deg sjølv, kan det hjelpa deg til å føla deg «bra nok» til å vera med i sosiale settingar, uansett kva du har å bidra med inn i samtalen, forklarar psykologen.

Men stemmer det at me nordmenn er litt tafatte?

– Me er jo litt «kaldare» av natur, enn for eksempel spanjolane eller italienarane. Så kanskje me trenger ein ekstra dytt for å strekke oss mot andre, komme oss ut og gå imot einsemda?

Vil få mindre einsemd gjennom prosjektet

Eivind flytta frå Oslo til Bergen i september saman med kona. Han har sjølv kjent på einsemd i periodar av livet og meiner at dette er veldig vanleg.

– Eg trur at eit stort problem me har, er at folk ikkje heilt veit kva følelsen av einsemd er. Og då trur du at det er noko gale med deg eller at du er på utsida av samfunnet – og du veit ikkje korleis du skal fiksa det.

en mann i en ryggsekk som går gjennom skogen og lager mat på primus

Foto: Marit Eide / NRK

For Eivind har det å dela prosjektet sitt på sosiale medium hjelpt han å få nye vennar i ein ny by. Han har også blitt med i ei volleyballgruppe som spelar saman kvar måndag, noko han kan anbefala til andre som ønsker å bli kjent med andre.

Det er eit naturleg møtepunkt, eit kvardagseventyr. Eg skal ikkje nødvendigvis snakka med folk i to timar, men me gjer ein aktivitet saman, og det gjer at eg har lettare for å bli kjent med folk.

Psykolog Christina stiller seg bak at det er ein god ide å delta på noko aktivt eller melda seg inn i ein frivillig organisasjon.

Ho trur at det er mange som kjenner seg einsame, særleg når me konstant kan sjå alt som alle andre gjer på sosiale medium. Openheit rundt einsemd er viktig for å få bukt med det.

– Og så trur eg at det startar med korleis du forheld deg til deg sjølv. Om du har omsorg og vennlegheit mot deg sjølv, så blir det lettare å tenkja at andre også kan ha det. At det ikkje er nokon grunn til at du skal vera utanfor.

en mann med hatt nyter sola

Foto: Marit Eide / NRK

Foto: Marit Eide / NRK

No når Eivind har gjennomført veke 20 av 52, har han merka eit løft i si mentale helse. Han er meir aktiv og kjenner seg meir energisk.

– Det skjer fort at me lever litt passivt: At me står opp, går på jobb og kjem heim. Livet mitt har alltid vore fint, men ved å planlegga små eventyr, så kan eg komma heim og gle meg til det eller ikkje gle meg til det. Uansett får eg ei forteljing etterpå!

Dersom du kunne tenka deg å setja i gang med eit liknande prosjekt, eller berre ha som mål om å få litt meir ut av kvardagane, rår Eivind deg til å vera snill med deg sjølv.

Og ikkje bite over for mykje. Eg har ikkje behov for å springa eit maraton eller reise til eit nytt land kvar veke. Det er meir det som me gjer no. Tur og cookies er koseleg, det er noko litt nytt, seier han mens han pakkar sekken.

Denne vekas eventyr er over, men kva han skal finna på neste veke veit han ikkje enno. Det er uansett ikkje så viktig akkurat kva det blir, så lenge han kjem seg opp av sofaen.

LES OGSÅ: Har du kjent på einsemd? Då er du absolutt ikkje åleine: Her er 25 råd frå andre!

Publisert 25.05.2025, kl. 07.00

Read Entire Article