Sist vekes kamp mot Tottenham har gitt spelarane trua på at finaleplass er mogleg, trass 1-3-tap.
Det betyr at klubben må vinne med to mål eller meir for å ta seg til finale.
Tror du på et Glimt-mirakel på Aspmyra?
Nå jobbar Kjetil Knutsen & co. med å legge slagplanen for korleis Tottenham skal bli neste offer for Bodø/Glimt på kunstgraset i Bodø.
– Ikkje det beste laget i verda i forsvar
I Nord-London 1. mai leverte dei den beste kampen for sesongen, i alle fall på eitt område.
Kampen i London gav Jostein Gundersen mange svar.
– Vi har sett mykje video. Det er ikkje det beste laget i verda i forsvar, med all respekt. Det er eit fantastisk fotballag, men det finst moglegheiter, seier Gundersen til NRK.
TALAS TALE: Kristoffer Løkberg viser fram tala frå kampen
Foto: JØRUND WESSEL CARLSEN / NRKHan var svært mykje involvert, og bidrog til at Glimt hadde ballen klart mest, heile 58 prosent av tida.
– Har vi det!? Det synest eg er kult, det er veldig artig, seier Gundersen til NRK når han får høyre tala.
– Vi styrer kampen mot eit offensivt bra lag, det er ganske rått, seier han.
NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg meiner Tottenham har stor respekt for dei gule motstandarane sine.
– Eg er litt overraska. Dei var veldig passive til tider, og det gav Glimt høve til å ta ned tempoet i kampen og kvile med ballen, seier Løkberg.
- Du kan høyre returoppgjeret mellom Bodø/Glimt og Tottenham på NRK Sport.
Åtvarar Tottenham
Tottenham skapte klart mest i første kamp, og leier 3–1 før returen i Bodø på torsdag. Bodø/Glimt hadde totalt tre skot i løpet av heile første kamp. Tottenham hadde 24.
EKSPERT: Kristoffer Løkberg.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRK– Dei klarte ikkje å utnytte romma som Tottenham gav frå seg til å skape noko. Dei skapte absolutt ingen ting før Saltnes sette reduseringa, seier Løkberg.
– Ting må bli betre om vi skal komme oss til finalen. Hadde vi vore enda meir giftigare, enda skarpare, kunne vi skapt mykje, seier Gundersen.
– Eg trur Aspmyra og resten av Bodø kjem til å vere i fyr og flamme. Da blir det skummelt, seier Bodø/Glimts Jens Petter Hauge om kampen torsdag.
JUBEL: Ein engasjert Jostein Gundersen brøler ut undervegs i kampen mot Tottenham 1. mai.
Foto: Ian Walton / AP / NTBHan får støtte av NRK-ekspert Løkberg.
– Dei er enda meir komfortable på kunstgras. Den største effekten av det er at dei kan gjere meir ut av ballinnehavinga. Det sit i ryggmergen på det underlaget, seier Løkberg.
– Nå trur eg Glimt-spelarane har eit tydeleg bilde av kva som møter dei, og der moglegheitene ligg til å utnytte seg av det, seier NRKs ekspert.
Publisert 07.05.2025, kl. 10.36 Oppdatert 07.05.2025, kl. 10.41