Senterpartiet talar distrikta si sak. Det har aldri vore viktigare enn no.
Sentraliseringa skyt fart. Lovnadene er dei same som alltid. Større og betre fagmiljø, betre tenester og eit betre tilbod til innbyggjarane. Realiteten er noko heilt anna.
Distrikta vert tappa for tenester og arbeidsplassar, og me har til gode å sjå at tenestene vert betre med større einingar. Tvert imot.
No er det tannhelsetilbodet som skal sentraliserast. Fylkeskommunedirektøren har annonsert at talet på klinikkar skal kuttast frå 28 til 10. Grunnen er visstnok ikkje innsparing. Nok ei gong vert det hevda at å fjerne tilbod i distrikta gjev betre tenester til innbyggjarane.
For distrikta er dette dramatisk. Og som alltid er det dei mest sårbare som vert hardast råka. Barn, eldre og utsette grupper får lang reiseveg og ei mindre tilgjengeleg teneste. Foreldre må ta seg fri halve arbeidsdagar for å køyre barna til tannlege. Eldre i institusjon må reise lenger, og mange vil vere avhengige av å følgjast av ein kommunalt ansatt. Me må vurdere samfunnsøkonomien når me vurderer slike politiske saker.
Men ein mistar meir enn eit viktig helsetilbod. Distrikta mistar arbeidsplassar, og vert mindre attraktive. Bit for bit vert infrastrukturen som held lokalsamfunna levande, rive frå kvarande.
Samstundes går debatten om samanslåing og nedlegging av vidaregåande skular i Agder. Skulene er hjartet i eit lokalsamfunn. Det er der unge menneska si framtida vert forma. Utan skular mistar me pulsen i våre små samfunn. Distrikta utarmast for kompetansearbeidsplassar, og terskelen for å ta utdanning vert for ungdom i grisgrendte strøk, høgare. Me må ta innover oss betydninga dei vidaregåande skulane har for innbyggjarane, men også for kommunane.
Me i Senterpartiet er bekymra for utviklinga i Agder. Me er ikkje villige til å akseptera denne bølgja av sentralisering og nedlegging. Me vil jobbe for å stoppe nedlegging av både vidaregåande skular og tannklinikkar.
Me står klare til kamp for distrikta og for gode tenester nær folk.