– Eg har eit gjesterom og det er fullt med greier. Og så har eg ei bod der det er kolleksjonar frå ulike år. Men eg skal ikkje la det ligge å rotne i ei bod, då tar eg heller og leverer det til nokon som trenge det meir, seier Noregs kaptein Vetle Eck Aga til NRK.
– Så man kan rett og slett sikre seg ei Aga-drakt?
FULL BOD: Etter mange år på landslaget er bodet til kaptein Vetle Eck Aga full av gamalt treningstøy.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB– Det er fullt mogeleg. Eg har masse i skapet, så om nokon har lyst på, så er det berre å spørje.
Overfylte skap og boder med treningstøy som ikkje brukast lenger av dei norske stjernene finst det mange av.
Som regel er det nye kolleksjonar til kvart meisterskap.
For den norske målvakta, Torbjørn Bergerud, som debuterte på det norske handballandslaget tilbake i juni 2013 betyr det kasse på kasse med klede som er stua vekk.
– Det er meir heime hjå mamma, trur eg. Dei driv og ryddar huset no, så trur det er ein del som blir kasta no rett og slett. Men eg håpar iallfall draktene blir med vidare.
Thomas Solstad har tatt grep. Eller, det vil seier han har fått hjelp av kjærasten.
– No har eg heldigvis ein kjærast som har gått gjennom og selt ein del ting. Så no har eg faktisk fått unna ein del, seier Solstad.
Slutt på å dele ut gratis klede
På eit rom på spelarhotellet til det norske landslaget ser det meir ut som ein sportsbutikk. Her ligg T-skjorter, treningsbukser og sokkar i stabel etter stabel sortert etter storleik.
KLEDE: Her kan landslagsspelarane forsyne seg med treningstøy på spelarhotellet.
Foto: NRKHer finn du også dei norske draktene som spelarane brukar under meisterskapen.
– Det er litt meir arbeid for oss, men det går bra, seier teamadministrator Beate Sødal, som er ein av dei som sørgar for at spelarane til ein kvar tid finn sin storleik og at det alltid er reint og heilt tøy tilgjengeleg.
Handballforbundet har nemleg sett seg lei på at store mengder treningstøy blir liggande ubrukte.
Under EM i år vil det for første gong ikkje bli delt ut gratis treningstøy til spelarane. I staden får dei berre låne det dei treng.
– For det første så har det eit økonomisk perspektiv, men så ser vi det også i ein samanheng med berekraft, fortel Erling Strand, som er administrativ leiar for Noreg sine landslag.
Tiltaket er alt testa ut på yngre landslag. Her fekk dei utlevert to t-skjorte, ein hettegenser og ei treningsbukse til ei veke på tur.
– Det gjekk fint. Men det er klart at på slutten så lukta det litt sur norsk tenåring, fortel Strand og ler.
Reduserer talet på landslagsdrakter
Men det er ikkje berre treningstøyet det blir stramma inn på. Dei internasjonale forbunda har lenge hatt eit krav om at kvart lag skal ha med seg tre ulike draktsett i ulike fargar.
I år har Noreg fått gjennomslag for det er nok å ta med seg to.
For herrane betyr det eit meisterskap i raude og kvite drakter, medan den klassiske blå er lagt igjen heime.
TAR GREP: Landslaget sluttar med å dele ut gratis klede til landslagsspelarane.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB– Det blir ein del drakter for å sei det sånn. Kvar spelar har gjerne med seg tre drakter av kvart sett. Forsvarsspelarane og strekspelarane har kanskje opp i fire draktsett av kvar drakt. Men det er sjeldan det er behov for tre ulike fargar i eit meisterskap, seier Strand til NRK.
Med andre ord har det ikkje vore uvanleg å ha med seg mellom 170 til 200 drakter for eit lag i eit meisterskap.
I og med at kleda til landslagsspelarane er ein del av forbundet sin sponsoravtale vil ikkje Strand gå inn på kor stort klesbudsjettet er til dei ulike landslaga.
Men han er ikkje tvil om at både for miljøet og økonomien er dette meir lønnsamt.
– Verdien vi har av tøy er betydeleg.
Slepp å vaske sjølv
Landslagsspelarane NRK har snakka med rosar forbundet for det nye grepet.
– Fantastisk! Det er veldig deilig at vi spelarar slepp å reise med ein masse bagar og skal halde styr på det, når vi reiser så mykje fram og tilbake, seier stjernespelar Sander Sagosen og legg til;
– Og så er det fint for miljøet også at vi kan ta ned bruken av treningstøy. At det ikkje berre forsvinn ein bag her og der.
FORNØGD: Torbjørn Bergerud rosar forbundet sitt nye grep for å redusere bruken av treningstøy.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBNoregs målvaktkjempe Torbjørn Bergerud er glad det er mindre for dei å tenke på i ein travel reisekvardag.
– Gjenbruk er vel ein god ting. Ein ting er berekraftsdelen, men så har vi jo alltid nokon «surrehovud» som mista klede. Det er betre at dei som har litt meir orden enn oss tar vare på det.
Publisert 28.01.2026, kl. 13.25 Oppdatert 28.01.2026, kl. 13.45











English (US)