Terreng­brann ved Holmeid­stranda i Tingvoll – brann­vesenet har ikkje kontroll

2 hours ago 1



Naudetatane er i Tingvoll etter melding om terrengbrann. Det er om lag 100 x 300 meter som brenn.

Brannvesenet jobbar med å få ut brannhelikopter til staden.

– Det brenn i eit hogstfelt, opplyser Terje Dyrø i 110-sentralen.

Vinden går oppover i terrenget, og det er ikkje fare for busetnad, opplyser politiet.

Operasjonsleiar i politiet, Espen Andresen, opplyser at brannvesenet er på staden.

– Dei har ikkje kontroll, det brenn godt i terrenget der.

Brenn oppover mot skogen

– Det ser ut som om vinden bles oppover lia. Eg ser jo flammane herifrå, seier Olav Hals.

Han ser brannen frå stoveglaset på Hals i Ålvundfjord – 15 kilometer unna.

– Det brenn oppover mot eit granfelt, frå hogstfeltet og oppover.

Ifølgje Hals er det ikkje kome noko helikopter til staden enno som han kan sjå.

Brann i terrenget i Tingvoll

Olav Hals kan sjå brannen heile 15 kilometer unna.

Foto: Olav Hals

Farevarsel for gras- og lyngbrann

Dei siste dagane har det vore gult farevarsel i fylket for gras- og lyngbrann. Både på Nordmøre, i Romsdal og på Sunnmøre har brannvesenet åtvara mot brannfare i terrenget.

Frå 15. april startar det generelle bålforbodet som varer til 15. september.

Det er også gult farevarsel for gras- og lyngbrann fleire stader i landet.

Gult farevarsel for skogbrannfare

Grafikk: YR

Publisert 15.04.2026, kl. 17.18 Oppdatert 15.04.2026, kl. 17.54

Read Entire Article