No må han og familien belage seg på ei høg rente lenger, og at det kanskje ikkje blir like mange rentekutt likevel.
– Den første tanken er at ein blir kjempeskuffa, seier Thomas Evenrud (27).
Han og sambuaren kjøpte seg nytt rekkehus på Stange hausten 2023. Sidan har rentekostnadane berre balla på seg for småbarnsfamilien.
Evenrud er for tida i pappaperm og heime saman med dottera Aurora. Snart skal ho starte i barnehagen, som vil gi familien nye utgifter.
Foto: Frode Meskau / NRKSnart skal vesle Aurora (13 md..) starte i barnehagen, noko som vil rive nye 2000 kroner ut av månadsbudsjettet.
Difor håpte Evenrud i det lengste på eit rentekutt i dag, slik Noregs Bank lenge signaliserte at dei ville gjere.
– Eit rentekutt hadde betydd mykje for kva vi kunne ha reist ut på og opplevd. I alle fall for ho her, seier Evenrud, og peiker på dottera, som han om dagen er heime i pappaperm saman med.
– Vi brukar kring 50–60 prosent av inntekta vår på bukostnader. Det går rundt enda, men vi har ikkje den same økonomiske fridomen som før, seier Evenrud.
Foto: Frode Meskau / NRK– Det er ikkje så lett å skape ei god framtid for ho, når det er såpass dyrt å leve som det er i dag.
Varslar to rentekutt
Norsk økonomi har utvikla seg annleis enn det Noregs Bank hadde sett føre seg, og difor meiner sentralbanksjef Ida Wolden Bache at renta må bli ståande på 4,5 prosent.
Men Noregs Bank ser framleis føre seg at dei vil kutte renta to gonger innan året er omme.
Altså vil styringsrenta ligge på 4 prosent ved nyttår. I desember la dei til grunn at renta skulle vere på 3,75 prosent, altså er rentebana oppjustert.
Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån
Prognose Norges bank
Sentralbanksjefen er likevel tydeleg i talen om at dette estimatet ikkje er skrive i stein.
– Dersom det blir utsikter til at lønns- og prisveksten held seg oppe lengre enn vi ventar, kan det bli behov for høgare rente lenger, seier ho under pressekonferansen i dag.
Ida Wolden Bache er sentralbanksjef og leiar av rentekomitéen.
Foto: Heiko Junge / NTBNoregs Bank justerer renta med sikte på at prisveksten skal vere på kring 2 prosent årleg. Ved sist måling i februar, var den på 3,6 prosent.
Difor var det også eit fleirtal av økonomane som venta at renta nettopp skulle bli ståande i ro.
Trur det blir lenge til kutt
Analysemiljøa i dei norske bankane har ulike prognosar for kva vi kan vente oss av Noregs Bank framover.
Seniorstrateg Dane Cekov i Sparebank 1 Markets trur det blir eitt kutt i år.
– Det vil føre til auka kjøpekraft for folk flest, i tillegg peikar lønnsveksten i retning av auka kjøpekraft, seier Cekov.
– Det kunne ha vore verre, seier han.
Sjeføkonom Kjetil Olsen i Nordea Markets trur dei som ventar på rentekutt bør smørje seg med enda meir tolmod enn det.
Kjetil Olsen er sjeføkonom i Nordea Markets.
Foto: Petter Larsson / NRK– Folk må forhalde seg til den renta dei har no ei god stund framover. Vi trur ikkje det blir rentekutt i det heile tatt i år. Vi trur norsk økonomi vil handtere dette rentenivået ganske greitt, seier Olsen.
Han trur ikkje Noregs Bank kjem til å kutte renta før i 2027.
Se hvor mye du må betale hvis renta øker.
Ditt lån
Nedbetalingstid nå
Månedlige utgifter 18 602 kr
Økte renteutgifter 0 kr
Det vil si en total utgift på 18 602 kroner i måneden, som betyr 0 kroner mer i ekstra renteutgifter enn det du betaler i dag. Renteutgifter er det du må betale ekstra når renta øker fra dagens rente på 5,6%
Publisert 27.03.2025, kl. 10.00 Oppdatert 27.03.2025, kl. 14.53