TikTokaren er Bua-sjef: – Det er den beste jobben eg kan tenkje meg

8 hours ago 8



– Det er som eit bibliotek, berre at vi ikkje låner ut bøker – vi låner ut sportsutstyr. Og det er heilt gratis.

Mufano gliser godt når han viser NRK rundt på stranda på Kadettangen i Bærum utanfor Oslo.

TikTokar og sjef

Der har Bua rigga seg til for sommaren.

Her jobbar han som arbeidsleiar for ungdomar som brukar sommaren sin til å sørge for at alle barn får den gode feriekjensla.

Stemninga på Kadettangen er god, og sjølv om det kan bli travelt på varme dagar, trivst Mufano svært godt i jobben.

– Det er den beste jobben eg kan tenkje meg om sommaren. Eg er på stranda, det er sommarkjensle sjølv om eg jobbar.

For svært mange er Mufano betre kjend som TikTokaren @mufanofornorge.Gjennom mange videoar fortel små og store historier.

Særleg kjende blei han for sin «Isebjørn-kommentar».

  • Folk på stranden

    Melissa Tronstad jobbar for Bua - og elskar vannkrig.

    Foto: Truls Skram Lerø / NRK
  • Folk på stranden

    Ulrik Ekås Arntzen jobbar for å skape god stemning.

    Foto: Truls Skram Lerø / NRK
  • Folk på stranden

    Mufano er arbeidsleiar for Bua-gjengen i Sandvika. Her er han med nesten alle baderingane.

    Foto: Truls Skram Lerø / NRK
  • Folk på stranden

    Stupetårnet på Kadettangen er flittig brukt.

    Foto: Truls Skram Lerø / NRK
  • Folk på stranden

    Ungdomane synest det er stas å kjenne Mufano.

    Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Snart over heile landet

No finst det Bua-sentralar snart over heile landet.

Per no er det oppretta 283 utlånsstader, der nokon er drivne av kommunane, andre av frivillige lag og organisasjonar.

– Vi reduserer forbruk. Foreldre kan ikkje kjøpe nytt utstyr kvar dag. Hos oss kan dei låne det dei treng, fortel Mufano.

I Sandvika møter vi også Ulrik Ekås Arntzen og Melissa Tronstad, som jobbar for Bua.

Dei fortel om ein aktiv sommar, der dei gjer alt frå å arrangere fotballturneringar til å låne ut sup-brett til alle, men særleg til barn og ungdom.

– Dei blir svært takksame. Dei får ein utmerka sommarferie, som kanskje ikkje alle barn får til vanleg, seier Melissa til NRK.

Abdullah Abubakar Nazif,

Abdullah Abubakar Nazif, Heritier Mufano og Borzloy Kenti på Kadettangen i Bærum.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

– No det skjer

For Mufano og dei andre på Bua i Sandvika handlar det om å gjere livet litt gladare i sommarvarmen for alle som treng det.

– Det er viktig å stille opp for barna – spesielt dei som ikkje kan reise til Syden på ferie, seier Mufano.

At han er ein kjend TikTokar gjer berre jobben lettare. Barn og unge i alle aldrar kjem bort og helser.

– Eg vil ikkje ta ferie i juli. Det er no det skjer, seier Mufano og gliser.

Mobilen er aldri langt unna for å lage nye videoar til TikTok, og heller ikkje NRK slapp unna då vi var på besøk:

et par menn som står på en vei ved stranden med sjøen i bakgrunnen

TikTokar Heritier Mufano og NRK-journalist GB Hjetland.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Mufano då han var med i Supernytt.

Publisert 16.07.2025, kl. 21.26 Oppdatert 16.07.2025, kl. 21.52

Read Entire Article