Tiltale: Kidnappa, sparka, tissa og utsette mann for «waterboarding» med heimebrent

17 hours ago 3



Ein tidleg morgon hausten 2023 skal to menn ha kidnappa ein mann og utsett han for grov kroppsskade i ei leilegheit Lofoten.

Dei to tiltalte og fornærma skal ikkje ha nokon relasjon.

Dei skal ha møtt kvarandre kvelden før, og vore saman i eit halvt døgn før ting utvikla seg i ei negativ retning.

Det er heller ikkje kjent kva som skal ha framprovosert det som i tiltalen er omtala som grov vald.

På litt over ein time skal dei to blant anna ha slått og sparka den fornærma mannen fleire gonger i kroppen, hovudet og ansiktet.

Den eine tiltalte i 30-åra skal også ha slått fornærma i hovudet med ein trestokk eller kosteskaft slik at det knakk. Vidare slo han den fornærma mannen i hovudet med ei lampe, slik at lampa knuste, står det i tiltalen.

Politiet meiner kroppsskaden den fornærma mannen har vore utsett for, er grov.

– Det er alvorlege forhold. Valden har karakter av mishandling, er gjort i fellesskap og at delar av valden er gjort med farlege reiskapar, seier Elvedahl.

  • Politiadvokat Sølvi Elvedahl

    – Det er alvorlege forhold, seier politiadvokat Sølvi Edrun Andreassen Elvedahl

Dette førte til at den fornærma mannen fekk store hevelsar i ansiktet, blåmerke på kroppen, kutt i hovudet, brot i eit bein i kinnet og ribbeinsbrot.

Denne saka skal opp i Salten og Lofoten tingrett neste veke.

«Waterboarding» med heimebrent

I løpet av den same timen skal dei tiltalte mennene ha tatt valden enda lenger.

Ifølge tiltalen plasserte 30-åringen ein klut framfor ansiktet til den fornærma mannen og helte ei større mengde heimebrent over munn og nase.

Dette blir kalla vasstortur eller «waterboarding», og framkalla ei opplevd kveling og drukning.

Dette førte til at den fornærma fekk store smerter i auga og nesa. Politiet meiner at den tiltalte 20-åringen også bidrog i «waterboardinga».

Men heimebrent var ikkje den einaste veska som den tiltalte 30-åringen skal ha «tømt» på ansiktet til mannen.

Han urinerte og spytta på fornærma hovudet og overkroppen sin, mens han låg på golvet, står det i tiltalen.

Vidare kutta begge den tiltalte den fornærma mannen med kniv på armar, veslefingeren og overkropp, ifølge tiltalen. Det eine kuttet på handleddet måtte stripsast.

Festa som ein hund på terrassen

I tillegg til å vere tiltalt for grov kroppsskade, er mennene også tiltalte for kidnapping.

Politiet meiner dei har brote straffeloven § 254, for å ha innesperra eller på annan måte rettsstridig å ha fråteke nokon fridommen.

Ifølge tiltalen blei nemleg den fornærma mannen fråteke mobiltelefonen, og måtte blant anna sitte og ligge i eit hjørne på golvet.

Han blei også delar av tida halden fastbunde med gaffateip på bein, armar og munn.

– Ved ein eller fleire høve blei han også dratt ut på terrassen med eit tau eller leidning rundt halsen, og blei festa som ein hund ute, står det i tiltalen.

  • Advokat Finn Ove Smith

    Finn Ove Smith

    Er forsvarsadvokaten til den tiltalte mannen i 20 åra.

Forsvarsadvokaten til mannen i 20-åra, Finn Ove Smith seier til NRK at han erkjenner straffskuld og forholdet.

– Men det kan vere at vi set spørsmålsteikn til enkelte av dei beskrivingane som er tatte inn i tiltalen.

Ifølge forsvararen er 20-åringen på veg til å bli rehabilitert og har fått hjelp av Fossumkollektivet, som er ei stifting som tilbyr behandling av unge rusavhengige.

– Han har gått gjennom ei stor forandring og er i dag på arbeidstrening.

– Møttest for første gong den kvelden

Forsvararen til mannen i 30 åra, Monica Samland, seier hennar klient delvis erkjenner straffskuld.

– Han har forklart seg om det som skjedde slik han oppfatta det.

Ho seier også at dei to tiltalte ikkje er venner.

– Dei møttest for første gong den kvelden. Klienten min har nå flytta frå staden og prøver å ta tak i dei utfordringane han har hatt, avsluttar ho.

  • Forsvarsadvokat

    Monica Samland

    Er forsvarsadvokaten til den tiltalte mannen i 30-åra. 

I same sak er mannen i 30-åra i tillegg tiltalt for ei rekke andre forhold som skjedde i 2024.

Han skal blant anna ha tatt seg inn i nokon andres bustad, slått ein annan mann i ansiktet, og trua ein tredje mann med å kople han til eit bilbatteri og køyre straum i han.

Han er også tiltalt for å ha køyrt i rusa tilstand.

Publisert 29.05.2025, kl. 15.39

Read Entire Article