Toppsjef fryktar USA–diskusjonar i Davos

2 hours ago 3



Konsernsjef i Wallenius Wilhelmsen, eitt av verdas største bilfraktreiarlag, Lasse Kristoffersen, fryktar represaliar dersom selskapet hans blir trekt inn i USAs politiske debatt.

Det skil årets møte i Davos frå tidlegare konferansar.

Vi må berre innsjå at vi lever i ei verd kor heile regelboka og heile samhandlinga blir skrive om, seier Kristoffersen.

Anders Opedal, konsernsjef i Statens Pensjonsfond Utland.
Øyvind Eriksen, konsernsjef i Aker .
Svein Tore Holsether, NHO president.
Eivind Kallevik, konsernsjef Hydro .
Ukjent person
Lasse Kristoffersen, konsernsjef Wallenius Kristoffersen. 
Morten Borge, konsernsjef i Ferd.
Anders Opedal, konsernsjef Equinor.
Kjerstin Brathen, konsernsjef DNB.

I dag samla norsk næringsliv seg i Davos. Også statsministeren var ein tur innom.

Foto: William Jobling / nrk

Verdas politiske og økonomiske elite er samla for World Economic Forum i Davos. Ein stad kor Kristoffersen tidlegare har opplevd stor takhøgde.

– Det er ingen tvil om kor folk med mi rolle, leiarar av store selskap, for eitt år sidan uttalte seg fritt, også med USA, sånn er det ikkje lenger.

Han peiker på tydelege forskjellar i samtalane med EU-kommissærar og amerikanarar, og seier han må moderere seg.

– Det er blitt mykje meir politisert, og ein er mykje meir forsiktig med å utfordre politiske leiarar, seier Kristoffersen.

Lasse Kristoffersen, konsernsjef Wallenius Kristoffersen. 
Morten Borge, konsernsjef i Ferd.
Anders Opedal, konsernsjef Equinor.
Kjerstin Brathen, konsernsjef DNB.

Frå venstre: Lasse Kristoffersen, Anders Opedal og Morten Borge.

Foto: William Jobling / NRK

Er du overraska over det?

– Ikkje overraska, men kanskje litt trist. Det er mange ting vi skal løyse.

Økt risiko

– Vi må ta inn over oss den auka risikoen som vi har fått oppleve på kroppen her i Davos denne veka.

Det seier konsernsjefen i Ferd, Morten Borge, som driv eitt av dei største investeringsselskapa i Noreg og investerer opp mot 50 milliardar kroner.

– Med utviklinga som vi ser rundt oss, både her i Davos og dei siste åra,
så er det klart at politikk blir ei sterkare påverkningskraft på næringsliv og investeringar.

Anders Opedal og Morten Borge sitter.

Sjef i Ferd, Morten Borge, er på sitt første møte i Davos.

Foto: William Jobling / nrk

Han seier at selskapet må ta fleire omsyn no enn dei har vore nøydde til å ta tidlegare:

  • Korleis er eksponeringa mot det amerikanske marknaden?
  • Kor stor er den?
  • Korleis vil i så fall dei ulike scenarioa kunne bli dersom tollsatsane blir auka eller endra?

– Kva slags risiko er det dykk ser i USA?

– Når du kan vakne opp ein dag og lese at det blir auka tollsatsar på produkt som blir eksporterte til det amerikanske marknaden, det er den uvissa som er ny og annleis.

Søker forståing

Også Equinor-sjef Anders Opedal har registrert dei politiske tonane i Davos.

– Det har vore veldig mykje politikk her i det siste, spesielt forhaldet mellom USA og Europa og ei øy ute i Arktis. Så det har prega Davos.

Anders Opedal

Anders Opedal, administrerande direktør i Equinor.

Foto: William Jobling / nrk

Og nettopp desse forholda oppsøker Opedal i Davos.

– Eg er her for å forstå korleis dei geopolitiske spenningane påverkar energibildet i verda i forhold til korleis det vil påverke vår business i Equinor.

Korleis vil det påverke dykk i Equinor?

– Energi er meir polarisert no enn det var før. Det at vi har ulike syn på energi, at det er tariffar, gjer at energiutbygginga blir dyrare.

Publisert 22.01.2026, kl. 17.55

Read Entire Article