Torgeir Fonnlid la ned eit heilt livsverk ved Det Norske Teatret

1 month ago 7



Han skal ha klatra tallause urbane fasadar og gjenskapt Olav Tryggvasons kunststykke å springe utabords på fossroande åreblad.

Publisert: 12.03.2025 19:30

Av Kjersti Horn

Torgeir Fonnlid døydde måndag 17. februar, 82 år gammal. Over halvparten av levetida si var han knytt til Det Norske Teatret. Han debuterte som Diesel i «West Side Story» i 1965 og hadde si siste rolle sesongen 2008/2009 i «Slottet» av Kafka. I løpet av dei 44 åra han var ved teateret gjorde han ei rad større og mindre roller, frå tittelrolla i «Pukkelryggen» og høvding Bromden i «Gaukereiret» til Jørgen i «Fuglane», Mannen i «Personkrins 3:1» og Journalisten i «Bikubesong». Mange hugsar han òg frå dramatiseringa av Halldor Laxness’ roman «Salka Valka». Han har gitt ut dikt på Kagge Forlag og medverka i ulike produksjonar for film, TV og radio.

Les hele saken med abonnement

Read Entire Article