Det har vore ein hektisk ettermiddag for redningsmannskap og naudetatar i Troms.
På kort tid har det gått tre snøskred.
Like før kl. 17 gjekk det eit skred på Lakselvtindan i Tromsø kommune. Skredet har gått i ei renne.
Helikopter har vore i området. Dei har observert fire personar på toppen.
Skredet har gått på Lakselvtindan i Tromsø kommune.
– Luftambulansen flyr ut, og politiet sine patruljar er på veg til staden, sa operasjonsleiar Robin Lindberg i Troms politidistrikt til NRK kl. 17.
Politiet ber folk om å vere forsiktige
Politiet har dei siste timane motteke fleire meldingar om snøskred i Troms politidistrikt.
Det er for tida betydeleg snøskredfare. Tidlegare onsdag gjekk skredvarslinga Varsom ut og åtvara om aukande snøskredfare i heile Noreg.
Politiet ber alle som ferdast i fjellet om å gjere gode vurderingar og vere forsiktige.
To skred tidlegare i ettermiddag
Like etter kl. 15 gjekk det skred på Bentjordstinden i Tromsø.
Ingen vart tekne av skredet.
Det var meldt om spor inn i snøskredet, og åtte personar vart observerte i området.
På Middagstinden på Kvaløya gjekk det skred like før kl. 13.30 onsdag ettermiddag.
Heller ikkje der vart nokon personar tekne av skredet.
Publisert 16.04.2025, kl. 16.54 Oppdatert 16.04.2025, kl. 17.30