Lando Norris (26), verdsmeister i 2025, fortset nok garantert, men både sju gonger gullvinnar Lewis Hamilton (41), fire gonger verdsmeister Max Verstappen (28) og to gonger VM-vinnar Fernando Alonso (44) leikar tilsynelatande med tanken om å gi seg før 2027-sesongen.
– Formel 1-miljøet er delt i to om Verstappen: Truer han med å gi seg fordi han vil presse gjennom endringar av reglane eller er det all grunn til å ta truslane på alvor, skriv motorsport.com.
STJERNER: Max Verstappen saman med foreløpig VM-leiar i 2026, Kimi Antonelli.
Foto: PHILIP FONG / AFP,NTBSamtidig veit vi at Lewis Hamilton hadde eit forferdeleg 2025 i det nye teamet sitt Ferrari. I år går det betre.
– Eg håpar ikkje det! Og eg trur ikkje det kjem til å skje heller, seier Kristine Salberg, kjent som den eine halvparten av den 100 prosent kvinnelege Viaplay-podkasten «Pod Position», når NRK spør om tre verdsmeistrar i Formel i år 1-felt kan bli borte.
– Trur han blir
Men ho er rask til å legge til:
– Ingen veit kor harar hoppar! Og alt kan skje i Formel 1, så ingenting er sikkert.
POD-VERT: Kristine Salberg.
Foto: Simen Næss Hagen / Viaplay– Kva tenker du om Verstappen?
– Inst inne ønsker han nok å køyre Formel 1. Så lenge det blir gjort justeringar i reglementet som tilfredsstiller han, trur eg han blir. Og Hamilton har sett meir komfortabel ut i bilen enn på mange år, så eg trur han tar minst eitt år til. Samtidig har eg ein mistanke om at han gir seg dersom han skulle klare det utrulege, å ta ein åttande VM-tittel.
– Alonso?
– Alonso ønsker nok å kjempe i toppen igjen før han gir seg. Viss Aston Martin klarer å løyse problema sine, trur eg han vil fortsette.
BOLT-POSITUR: Kimi Antonelli jublar over siger i Japan i slutten av mars.
Foto: Hiro Komae / AP,NTBKollegaen og Viaplay-kommentatoren hennar, Atle Gulbrandsen, er av same oppfatning. Han trur heller ikkje dei tre superstjernene forsvinn etter 2026-sesongen.
– Formel 1 har framleis dei raskaste bilane i verda og den desidert høgaste prestisjen og lønningane i motorsporten. Dessutan trur eg Formel 1 kjem til å finne ut av utfordringane dei har med bilane no, slik at både førarar og fleire fans blir fornøgde til slutt. Og vi skal heller ikkje gløyme at Formel 1 sine eigne undersøkingar viser at majoriteten av fans faktisk synest det første løpet i år har vore meir spennande enn dei første løpa i fjor.
To rundar rauk
Gulbrandsen synest det er rett at det har blitt ei justering av regelverket framfor løpet i Miami kommande helg, som er det første sidan Japan i slutten av mars. To løp i Midtausten rauk på grunn av krigen mellom USA/Israel og Iran.
Dei endra reglane handlar om energistyring. Det skal bli mindre behov for å spare straum, det skal bli mindre «kunstige» køyremønster og dei farlege fartsforskjellane som vi såg i vår, skal bli mindre.
– Eg synest det er rett at det blei ei justering av regelverket etter det vi har vore vitne til dei tre første løpa i år, og eg håpar det gjer køyringa meir naturleg, slik at både fleire førarar og fans blir fornøgde.
– Betyr det at sesongen får ein ny start i helga?
– Ja, på ein måte. No har teama hatt mange veker på seg til å lære seg bilane i år endå betre, i tillegg til at nye reglar kan gjere at styrkeforholdet blir endra.
Regeldisputten har også blåst nytt liv i ein annan debatt: Har bilfabrikkane for stor makt over korleis Formel 1 skal utvikle seg?
VIAPLAY-KOMMENTATOR: Atle Gulbrandsen.
Foto: NTBAtle Gulbrandsen igjen:
– Det kan hende at Formel 1 står framfor eit vegval. Skal Formel 1 fortsette å vere ein teknologisk spydspiss for ein bilbransje som går meir og meir i retning av elektrifisering, eller skal Formel 1 seie at utviklinga i bilindustrien passar dårleg med det fans og førarar ønsker, og derfor ha mindre fokus på elektrifisering og meir fokus på underhaldning. Det er eit vanskeleg val, for Formel 1 er per i dag avhengig av både fans og bilfabrikkar.
– Stor innflytelse
Kristine Salberg ser det slik:
– Det kan kanskje sjå ut som at bilfabrikantane har fått stor innverknad på årets reglement. Samtidig er det viktig å hugse at det er det internasjonale bilsportsforbundet FIA som til sjuande og sist bestemmer.
– Og?
– Formel 1 ønsker naturlegvis å komme produsentane i møte, men sporten er også avhengig av førarane og fansen for å vere attraktiv. Når både førarar og delar av fansen er kritiske til reglementet, kan det tyde på at FIA kanskje har strekt seg litt langt for å tilfredsstille ønska til bilfabrikantane.
– Tar ikkje lett på kritikken
– Kva tenker du om endringane av regelverket til Miami Grand Prix i helga?
– Det blir opplevd som eit steg i rett retning. Samtidig er det vanskeleg å konkludere før vi faktisk får sett bilane i kvalifisering og løp, det blir først da vi får eit reelt svar på om endringane fungerer etter hensikta. Eg er optimistisk og trur ikkje at FIA og Formel 1 tar lett på kritikken som har komme frå fans, førarar og teama.
Mercedes har dominert til dei grader at ungguten Kimi Antonelli leier VM framfor teamkollega George Russell til no. Deretter følger dei to Ferrari-førarane Charles Leclerc og Lewis Hamilton. Antonelli er framleis berre 19 år. Han hoppa over Formel 3, hadde ein sesong i Formel 2, før han blei henta opp til Formel 1.
– Kan Miami Grand Prix bli eit vendepunkt? spør NRK Kristine Salberg.
– Ja, det kan plutseleg bli det! Mercedes har vore det sterkaste laget så langt, med Ferrari tett bak, og i det siste løpet før pausen viste også McLaren at dei kan kjempe i toppen. Alle laga har hatt tid til å utvikle bilane, og førarane har jobba i simulator, så det blir veldig spennande å sjå korleis styrkeforholdet faktisk er når vi er i gang igjen etter fem veker borte, svarer Salberg.
Publisert 30.04.2026, kl. 21.20








.jpg)







English (US)