Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Kva skal likestillinga faktisk kosta, og kven skal betala. Og vil vi eigentleg ha eit arbeidsliv som ikkje tek høgde for biologiske forskjellar?
Overgangsalderen har eksistert like lenge som mennesket sjølv. Sympatien for kvinnene sine utfordringar i denne fasen er både naturleg og nødvendig. Men- i eit moderne likestilt samfunn må det vere lov å stille eit ubehageleg spørsmål: Kor går grensa mellom individuelle helsebehov og fellesskapet sitt ansvar?
Samfunnskostnadene knytt til helse, sjukefråvær og behandling aukar. Samstundes blir det i aukande grad reist krav om at hormonbehandlinga skal dekkjast av fellesskapet. Er dette ei naturleg utvikling, eller eit resultat av at vi ikkje lenger aksepterer at naturlege livsfasar også kan innebere ubehag og personlege ansvar?
I tidlegare generasjonar var familie- og arbeidsrollene annleis fordelte. Då vart ikkje overgangsalderen definert som eit samfunnsøkonomisk problem. I dag står vi i eit arbeidsliv der alle forventast å prestera likt gjennom heile livsløpet – uavhengig av biologiske forskjellar. Har vi då skapt eit system som krev medisinsk tilrettelegging for å fungere?
Og eit endå meir provoserande spørsmål: Er det samfunnsøkonomisk klokt å medisinere naturlege livsfasar, eller burde vi heller diskutere korleis arbeid, familie og kvardagsliv kan fordelast annleis? Detta handlar ikkje om å bagatellisere kvinnehelse. Det handlar om å tørre å diskutere kva likestilling faktisk skal koste – og kven som skal betale.
Publisert:
Publisert: 23. april 2026 13:35

4 days ago
11



.jpg)





English (US)