USAs president Donald Trump er misnøgd med pave Leo XIV.
– Dersom eg ikkje var i Det kvite hus, hadde ikkje Leo vore i Vatikanet, skriv presidenten på Truth Social.
Trump meiner at paven bør fokusere på jobben sin som pave, framfor å forsøke å vere ein politikar.
Paven har omtalt konflikten i Iran som «frykteleg», og meiner at Gud ikkje tar i mot bønner frå leiarar som byrjar krigar og har «hendene fulle av blod».
Følg utviklinga i Midtausten her:
Vil ha slutt på krigen
Gjennom påsken har paven snakka om ønsket om fred.
Laurdag oppfordra han mektige leiarar om å legge ned våpena.
– Nok av avgudsdyrking av sjølvet og pengar. Nok av maktdemonstrasjonar. Nok av krig, sa paven.
– Måtte galskapen av krig ta slutt og jorda bli tatt vare på og dyrka av dei som framleis veit korleis å skape, verne og elske livet, la han til.
Paven helsar til dei frammøtte på Petersplassen første påskedag.
Foto: Simone Risoluti / Vatican Media,NTBTrump kom først med eit svar til paven sine utsegn søndag.
– Eg synest ikkje at han gjer ein veldig god jobb. Han likar kriminalitet, trur eg, skriv Trump.
– Eg er ikkje ein stor tilhengar av pave Leo. Han er ein veldig liberal person, han er ein mann som ikkje trur på å stanse kriminalitet, seier presidenten til Reuters.
Trump hevdar at paven i sin bodskap uttrykker at det er greitt for land å ha atomvåpen, og at han ikkje uro for kriminalitet i amerikanske byar.
– Eg vil ikkje ha ein pave som kritiserer USAs president fordi eg gjer akkurat det eg blei valt til, skriv Trump på sitt eige sosiale medium.
Trump kjem med krass kritikk mot paven.
Foto: Kevin Lamarque / REUTERS,NTBTrump som Jesus-figur
Pave Leo XIV, Robert Francis Prevost, blei valt til katolikkane sin leiar i mai 2025, etter at pave Frans gjekk bort i påsken same året.
Den første amerikanske paven var ikkje blant favorittane i forkant av valet av ny pave, men fleire har trudd at Prevost kan bli ein ny fredspave.
Trump var rask med å gratulere den nye paven og syntest valet var ei «stor ære».
No er tonen ein litt anna.
Paven møtte folket på Petersplassen første påskedag.
Foto: Remo Casilli / REUTERS,NTB– Leo bør vere takksam fordi, som vi alle veit, var han ei sjokkerande overrasking, skriv Trump.
Trump hevdar at det er hans forteneste at Prevost no sit som pave.
– Han stod ikkje på noka liste over pavekandidatar, og blei berre sett der av kyrkja fordi han var amerikanar og dei trudde det ville vere den beste måten å handtere Donald J. Trump på.
Kort tid etter presidenten sin kritikk mot paven, publiserte han eit bilete av seg sjølv som ein Jesus-skikkelse som kurerer ein mann.
Dette biletet publiserte presidenten kort tid etter eit innlegg med kritikk retta mot paven.
Faksimile: Donald Trump / Truth SocialBodskap for Maga-rørsla
Presidenten har den siste tida vekt oppsikt etter fleire sterke utsegner på sosiale medium.
Dei siste vekene har han kome med sterke truslar mot Iran.
– Ein heil sivilisasjon kjem til å døy i kveld, og aldri komme tilbake, skreiv Trump tysdag førre veke på Truth Social.
Språket er meint for presidenten sine følgarar i Maga-rørsla, men er med på å svekke hans karakter, ifølge retorikkekspert Kjell Terje Ringdal.
Les meir om presidenten sin retorikk her:
Interessert i det som skjer i verda? Høyr Urix sin podkast her:
Publisert 13.04.2026, kl. 08.29











English (US)