Trump sin tollpolitikk førar India og Kina saman

1 hour ago 1



Det er berre fem år sidan blodige samanstøyt mellom indiske og kinesiske soldatar på grensa mellom dei to landa i Himalaya-regionen.

Forholdet mellom India og Kina hadde ikkje vore så dårleg på mange, mange år.

Men så kom tollpakken til Donald Trump. Den har fått India og Kina til å sjå mot kvarandre.

Tidlegare denne månaden innførte USA ei tilleggstoll mot India. Varer til USA kan nå få ei tollsats på opp til 50 prosent – éi av dei høgaste tollsatsane i Trumps tollpakke.

– Kina er sterkt imot dette. Tystnad oppmodar berre mobbaren, sa Kina sin ambassadør til India, Xu Feihong, torsdag og peikte på USA.

Kinas ambassadør Xi Feihong held ein mikrofon på ein konferanse i New Dehli.

Kina sin ambassadør til India, Xu Feihong, delte bilete frå konferansen i går på X.

Foto: X

Xu kom med utspelet under eit besøk til New Delhi i India. I ein uvanleg venleg tone forsikra ambassadøren at Kina står stødig ved sidan av India, og at dei saman kan jobbe for å verne om internasjonal handel.

Det er lenge sidan ein har høyrt liknande.

Historisk møte

Gårsdagens møte er berre eitt av fleire tiltak som India og Kina no gjere for å mjukne opp forholdet sitt.

Denne veka reiste òg utanriksminister i Kina Wang Yi til New Delhi. Der møtte han Indias statsminister Narendra Modi. Wang sa at dei to landa bør vere «partnarar» heller enn «motstandarar».

Narendra Modi, Wang Yi håndhilser

Tysdag 19. august møtte Kinas utanriksminister Wang Yi og Indias statsminister Narendra Modi i den indiske hovudstaden New Delhi.

Foto: - / AFP / NTB

Dei blei einige om å starte opp att med direkteflygingar, som blei sat på pause for meir enn fem år sida. Dei vil også styrke samarbeidet i næringslivet og sjå på korleis dei kan samarbeide om å utvinne sjeldne metall.

Kina og India er naboland og til saman heimen til over ei tredel av verdas befolkning. Dei er begge sentrale medlemmar av BRICS, ei organisasjon som òg mellom anna består av Russland, og som har som mål å utfordre Vestens dominans.

Med handel for fred

Det er uvanleg å høyre varme ord og ynskje om auka samarbeid mellom Kina og India. Det meiner seniorforskar emeritus Arne Melchior ved Norsk utanrikspolitisk institutt, NUPI.

Men Trump sin tollpolitikk er eit brått brot med tidlegare amerikansk politikk i Asia-regionen.

en mann med briller

Arne Melchior forskar på nettopp forholdet mellom India og Kina ved NUPI. Han har også skrive om Trump sin tollpolitikk.

Foto: NUPI

Før Trump sin tollpakke håpte India på at eit auka samarbeid med USA kunne gje nytt liv i industrien deira. Slik ser det altså ikkje ut til å bli med det første.

– Alliansen mellom USA og India får jo eit kraftig skot for baugen gjennom den nye, meir konfronterande politikken frå Trump, seier Melchior.

Kina og India har lenge vore økonomiske og ideologiske rivalar. Men med ein felles trugsel i USA, ynskjer dei no å legge usemjer bak seg. Dei vil heller hjelpe kvarandre å gripe moglegheitene som har oppstått på område der USA har trekt seg meir tilbake.

– Det er naturleg å gje Trump ein betydeleg del av æra for eit varmare forhold mellom India og Kina, seier Melchior.

et stort skip med containere på

Eit containerskip ved hamna i Qingdao aust i Kina 4. august.

Foto: STR / AFP / NTB

Han er likevel tvilande til om dette kan vare. Det er framleis mange ting som gjer forholdet mellom India og Kina komplisert.

India er mellom anna redd for konkurransen frå Kina, som har ein mykje større industriproduksjon.

I tillegg husar India den tibetanske buddhist-leiaren Dalai Lama. Kinesiske styrkar pressa han og dei tibetanske styresmaktene ut av Tibet-regionen, som er under kinesisk kontroll, etter at dei sto bak eit opprør i 1959.

Nabolagsdiplomati

Oppmjukinga av forholdet mellom India og Kina kjem ei dryg veke før 20 verdsleiarar tek turen til Kina for å delta på den store konferansen Shanghai Cooperation Summit (SCO).

«Nabolagsdiplomati» er tema for konferansen, der mellom anna Indias statsminister Narendra Modi og Russlands president Vladimir Putin skal delta. Det skal òg representantar frå Belarus, Iran, Pakistan og Tyrkia – òg FN sin generalsekretær António Guterres.

Forsvarsministrene fra Kina, India og Russland

Kinas forsvarsminister Dong Jun saman med Indias forsvarsminister Rajnath Singh og Russlands forsvarsminister Andrej Belousov under eit møte for SCO-forsvarsministrane i Qindao i Kina 26. juni.

Foto: Florence Lo / Reuters / NTB

– I verda i dag, der gammaldagse tankar om dominans og maktpolitikk framleis har innflytelse, der enkelte land prøvar å prioritere deira eiga interesser over andres, er ei alvorleg trussel mot fred og stabilitet i verda sa talsperson for Kinas utanriksminister, Liu Bin på eit pressemøte på fredag.

Utsegna blir tolka som ei tilvising til USA, skriv nyheitsbyrået AFP.

Interessert i utanriks? Høyr utanriksredaksjonen si podkast:

Publisert 22.08.2025, kl. 18.46

Read Entire Article