Denne veka varsla tech-milliardæren Elon Musk at han trekk seg tilbake frå amerikansk politikk.
Donald Trump skal halde presskonferanse klokka 19.30 norsk tid for å takke av Elon Musk.
Sidan Trump-administrasjon tok over makta, har Elon Musk stått i spissen for Doge-prosjektet om å kutte statlege utgifter.
Men no legg han inn årene etter at perioden hans er over.
«Elon is terrific», skreiv Donald Trump på sosiale medium då han varsla avgangen torsdag.
Vidare skreiv Trump at dette blir Musk siste dag, men ikkje eigentleg, fordi han vil hjelpe dei vidare med arbeidet.
Har fått store konsekvensar
Tesla-sjefen og X-eigaren leia den nyoppretta etaten Doge som hadde som formål å kutte det dei meiner er statleg «sløseri».
Det har fått store konsekvensar:
- Plutselege masseoppseiingar: Over 260 000 statlege tilsette har blitt sagt opp.
- Har avvikla bistands-direktoratet USAID som har ført til at bistandsprosjekt verda over har blitt avslutta.
- Mangfald- og likestilling- og inkluderingstiltak (DEI) blei fjerna.
Musk lova å kutte ein billion dollar i statlege utgifter. Men det var lettare sagt enn gjort.
Elon Musk har også ved fleire høve feilaktig meldt om utgiftskutt og blitt kritisert for lite openheit.
USAID-tilsette demonstrere framfor Kongressen.
Foto: APUsemje med Trump
New York Times skriv at Elon Musk har vore frustrert over byråkratiet og hindringane han har møtt i Trump-administrasjonen.
Ifølge avisa har han også beklaga for korleis politikken har skada hans eige og selskapa hans sine omdømme.
Det har vore protestar fleire stadar i verda, og mange har boikotta Tesla dei siste månadane. I april i år var salet av elbilen på sitt lågaste i løpet av dei siste tre åra.
Mange har Elon Musk har fått for mykje makt i Trump-administrasjonen.
Foto: DREW ANGERER / AFP / NTB– Eg trur nok eg har brukt litt for mykje tid på politikk, sa han i eit intervju denne veka.
Dagen før han varsla avgangen sin, kritiserte Musk Trumps skattepakke som blei vedtatt i Kongressen.
Pakken inneber skattekutt til rundt 5000 milliardar dollar.
– Eg er skuffa over å sjå eit budsjett med ein enorm pengebruk, noko som igjen aukar underskotet. Det undergrev jobben Doge gjer, sa Musk i eit intervju denne veka med CBS News.
Men no går samarbeidet mot slutten, men Trump har sagt at han vil halde fram arbeidet som Musk har byrja på.
Publisert 30.05.2025, kl. 19.06 Oppdatert 30.05.2025, kl. 19.29