Bileta frå Trolltunga er mange og florerer på sosiale medium.
Amerikanske Buzzfeed kåra Trolltunga til verdas beste stad for å ta selfie.
All merksemda har gjort Trolltunga til ein turistmagnet dei siste åra.
Før 2009 gjekk rundt 500 personar fjellturen årleg. I fjor var talet 85 000.
Mai er vanlegvis starten av høgsesongen, men no kan ingen gå til Trolltunga.
Dei neste tre vekene er nemleg vegen heilt stengd grunna akutt rasfare.
Dette råkar særleg turistnæringa hardt.
Denne bommen stenger Skjeggedalsvegen, og stoppar turistane frå å nå starten på turen til Trolltunga.
Foto: Tale Hauso / NRKForventar tap på ein halv million
Fleire ras på Skjeggedalsvegen gjer at både kraftanlegg og startpunktet for Trolltunga no får kjenna på følgjene.
Ullensvang kommune skal i gang med omfattande sikringsarbeid. Dei skal ta ned lausmassar og montera eit robust fanggjerde i det bratte terrenget.
Den akutte stenginga vil vara fram til 8. juni.
Etter dette vil arbeidet halda fram med styrt trafikkavvikling ut juli.
I fjor, mellom 13. mai og 7. juni, var det 6000 besøkande på Trolltunga.
Celine Jessen i Trolltunga Adventures blir sterkt påverka av at Skjeggedalsvegen er stengt.
Foto: Tale Hauso / NRKMange turistar vel å gå turen med guide.
Dagleg leiar Celine Jessen i Trolltunga Adventures er klar på at stenginga kostar pengar. Ho har måtta avlysa alle turar fram til 8. juni.
– For oss er det kjempekrise! Heilt korona-tilstand. Vi anslår eit tap på over ein halv million kroner.
Ho meiner stenginga råkar heile næringa i Hardanger, som butikkar, restaurantar og hotell.
– Det råkar så mange, seier Jessen.
Fryktar ringverknader
Reiselivssjef i Visit Hardangerfjord, Andreas Skogseth ser med stor uro på situasjonen.
– Trolltunga er ei av dei fremste ikona vi har i reiselivet, både i Noreg og i Hardanger. Det er hovudmålet for mange turistar som kjem til regionen, så det gir store ringverknader at vegen no er stengd i tre veker.
Mai er starten på høgsesongen på Trolltunga og kan gje køar for å få det perfekte bildet. I 2025 tok 85.000 menneske turen.
Foto: Tale HausoHar brukt nødparagraf
Som ordførar i Ullensvang kommune er Roald Aga fullt klar over betydninga til vegen.
Han seier at kommunen i lang tid har drive rassikring langs vegen, men at det no vart heilt nødvendig å stenga vegen for omfattande rassikring.
Ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug.
Foto: Tale HausoHan peikar på at steinmassar har vist seg å vera veldig ustabile.
– Om ikkje vi gjer dette no, risikerer vi at det rasar ut. Vi må først og fremst tenka på liv og tryggleik for folk.
Planen er at vegen skal opna igjen 8. juni.
– Kommunen har brukt nødparagrafen på innkjøpssida for å få på plass dette så raskt som mogleg.
Peikar på alternativ
Men det finst andre turar i nærleiken, som å gå Dronningstien eller til Buerbreen.
Det forsøker trafikkdirigent Per Jarle Waulen å fortelja fortvilte turistar, der han står ved den stengde bommen.
Trafikkdirigent Per Jarle Waulen seier han gjer det han kan for å halda motet oppe hos turistane som må snu.
Foto: Tale Hauso / NRKOver 80 prosent av turistane til Trolltunga er utanlandske.
Waulen seier han gjer det han kan for å halda motet oppe hos turistane som må snu, og seier dei er velkomne tilbake seinare i sommar.
– Nokon er positive og seier at det kan dei, mens andre har ikkje sjanse til det. Men sånn er det, vegen skal bli trygg for lokalbefolkningane, hytteeigarar og turistane.
Publisert 20.05.2026, kl. 15.06 Oppdatert 20.05.2026, kl. 15.11

















English (US)