– Eg kan telje på éi hand alle intervalløktene han ikkje har vore med på, og eg har fire intervall i veka, så det blir ein del, seier Karoline Grøtting.
– Han stiller opp på alt uansett, og han tilpassar treningsplan etter utøvarane. Alle trenar ganske likt, men ikkje det same, fordi det blir tilpassa.
Hyllesta handlar om Emil Hosøy, trenaren på Team Anlegg Øst, eit privat langrennslag med base på Lillehammer og seks løparar i stallen.
GJENNOMBROT: Med tre verdscupsigrar og tre OL-medaljar har Einar Hedegart vore Team Anlegg Østs største profil i vinter.
Foto: Lise Åserud / NTBDei har akkurat avslutta ein eventyrleg sesong:
- Alle dei seks løparane på laget har vore på start i verdscupen, med totalt 31 individuelle startar. Fire av seks har plasseringar blant dei fem beste.
- To av løparane, Einar Hedegart og Karoline Simpson-Larsen, har til saman sikra fem verdscupsigrar og totalt sju pallplassar.
- Dei same to representerte Noreg i OL. Begge blei olympiske meistrar i stafett. Hedegart tok i tillegg gull i lagsprint og ein individuell bronse.
- Tre av seks løparar har tatt NM-medalje: Einar Hedegart (gull), Karoline Grøtting (sølv) og Oline Vestad (bronse).
– Det er sensasjonelt, det Team Anlegg Øst har levert kollektivt denne sesongen. Eg kan ikkje hugse at noko lag utanfor landslaget har levert så gode resultat som det dei har gjort, seier NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland.
– Prikken over i-en
Mannen bak suksessen er altså 33 år gamle Emil Hosøy frå Osterøy.
– Han har vore ein trenar akkurat som eg liker det. Eg har gjort ein god jobb i mange år, og så er Emil prikken over i-en, seier Einar Hedegart til NRK.
Det er berre éin norsk langrennstrenar som står bak fleire verdscupsigrar denne vinteren: Kåre Høsflot.
For folk flest er mannen som har skapt dei smått mirakuløse resultata likevel temmeleg ukjent, og det har sine grunnar.
Ein av dei få gongene Karoline Grøtting har trena intervall utan å ha trenaren til stades denne sesongen, var då NRK kom for å følge ei økt i januar. Hosøy heldt seg unna søkelyset.
Nyheitsbyrået NTB har bilde av stort sett alt og alle i norsk langrenn i databasen sin. Eit søk på «Emil Hosøy» gir følgande resultat:
– Høgaktuell for alle landslag
Heller ikkje då NRK prøvde å få kontakt med han utanfor smørjebua under NM i helga på Lygna, var det enkelt å få merksemda hans.
Emil Hosøy trivst best i skuggen.
I langrennsmiljøet veit no likevel «alle» kven han er. Team Anlegg Øst-løparane reknar med det kan bli kamp om trenaren.
– Han bør i alle fall vere høgaktuell for alle landslag, og så får han ta det valet sjølv, seier Einar Hedegart.
Simpson-Larsen tar nærast for gitt at Hosøy er aktuell som landslagstrenar i Noreg.
– Eg synest absolutt at Emil burde fått ein telefon. Og så kjenner eg Emil Hosøy ganske godt no, og eg trur landslaget skal jobbe ganske hardt for å rikke han ut av eit Anlegg Øst-regimet, seier ho.
MONSTERSIGER: Karoline Simpson-Larsen viste Jessie Diggins og alle andre konkurrentar i «monsterbakken» Alpe Cermis.
Foto: Terje Pedersen / NTBSeier nei til alle
Akkurat det har Simpson-Larsen heilt rett i.
– Eg blir på Anlegg Øst, fastslår Hosøy når NRK omsider har fått lokka han bort til mikrofonen på Lygna.
– Uansett tilbod frå landslaget?
– Ja.
– Kvifor det?
– Eg er fornøgd med korleis vi har det, korleis vi jobbar og får jobba. Eg ser på det som ein veldig god jobb, og er stolt over den jobben, så eg blir, seier han.
Samtidig dyttar han æra for suksessen over på utøvarane.
– Det er dei som gjer det, dei trenar utruleg bra. Det har alle gjort, så då blir det bra, seier han nøkternt.
At Hosøy insisterer på å bli der han er, gir i staden utøvarane hovudbry.
Landslagstilbod kan gi hovudbry
Ut frå prestasjonane i vinter, er det sjølvsagt at Einar Hedegart og Karoline-Simpson Larsen kjem til å få tilbod om plass på elitelandslaget for kommande sesong.
HYLLAR HOSØY: Karoline Grøtting meiner tett oppfølging frå Emil Hosøy har vore nøkkelen til framgangen i vinter.
Foto: Anders Skjerdingstad / NRKTruleg får Karoline Grøtting det same, etter gjennombrotet sitt i siste halvdel av sesongen med tre plasseringar blant dei fem beste i verdscupen etter jul.
Alle tre kvir seg for å skiljast frå trenaren.
– Eg er avhengig av Emil, så det blir ei vurdering, seier Grøtting.
– Eg har absolutt lyst til det, så det er jo han som får avgjere om han vil halde fram med det, seier Hedegart om eit framtidig samarbeid med trenaren.
Simpson-Larsen opnar for å seie nei til landslaget.
– Det seier seg kanskje sjølv at når ein ikkje er hundre prosent sikker på at ein skal takke ja til eit landslag, så veit ein at ein har eit utruleg godt tilbod ved sida av. Det blir eit spennande val, og eg har ikkje bestemt meg her og no, seier ho.
MEKTIG IMPONERT: Fredrik Aukland kallar sesongen til Team Anlegg Øst «sensasjonell».
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK– Truar landslagsmodellen
Fleire landslagsutøvarar har private trenarar utanfor landslaget. Etter det NRK forstår, vil det også vere mogleg framover.
– Men det spørst om privatlaga ønsker det same. Det er der spørsmålet ligg, påpeikar Karoline Grøtting, som veit at Hosøy får nye utøvarar å jobbe med på Team Anlegg Øst om ho og andre blir landslagsløparar.
Fredrik Aukland forstår dilemmaet utøvarane må ta stilling til kan vere vanskeleg, og ser berre éi løysing: Skiforbundet må overtale Hosøy til å bli landslagstrenar.
– Når utøvarane blir usikre på om landslaget har det beste tilbodet, truar det heile landslagsmodellen. Hosøy må vere ein av dei mest aktuelle landslagstrenarane nokon gong, seier Aukland.
Landslagssjef Per Elias Kalfoss bekreftar at han er imponert over prestasjonane til løparane som har Hosøy som trenar.
– Vi må lære av Emil og høyre kva han gjer for å få til dette her, for det er det ikkje alle som får til, seier han til NRK.
– Kunne du tilbode han ein jobb som landslagstrenar?
– Det kunne eg sikkert ha gjort, om det var moglegheit for det, men no må vi først evaluere sesongen, seier han.
Publisert 31.03.2026, kl. 12.52













English (US)