Ukraina angreip massivt i helga - no møter dei Russland til nye samtalar

6 days ago 28



Representantar frå Ukraina og Russland skal halde fram med diplomatiske samtalar i Istanbul i Tyrkia i dag.

Måndag morgon har den ukrainske delegasjonen landa i Istanbul. Nokre timar seinare melder det russisk-statlege nyhendebyrået RIA at også den russiske delegasjonen er på plass.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj seier at dei er klare for å gjere det som er nødvendig for fred. I dag er han på ein konferanse i Litauen.

en person som står på en bro

Media førebur seg på å følgje samtalane mellom Russland og Ukraina utanfor Ciragan-palasset i Istanbul.

Foto: Cagla Gurdogan / Reuters / NTB

Nye samtaler mellom Russland og Ukraina trass angrepet i helga

  • Kva har skjedd?

    Sundag kom det fleire meldingar om droneangrep ulike stader i Russland. Ifølgje ein talsperson for den ukrainske tryggingstenesta SBU skal over 40 russiske militærfly ha blitt treft.

    Eitt av angrepa retta seg mot ei militæreinheit i Sibir, det fyrste kjende ukrainske droneangrepet så langt aust, over 4000 kilometer frå den ukrainske grensa.

    Også Murmansk, om lag 220 kilometer frå Kirkenes og nesten 2000 kilometer frå Ukraina, skal ha blitt råka, ifølgje den lokale guvernøren.

  • Får angrepet følgjer for samtalene?

    Delegasjonar frå Ukraina ogRussland er på plass i Tyrkia, der er det venta at dei skal ha dei planlagde samtalene om våpenkvile og fangeutveksling i Tyrkia.

    Dette blir andre gong sidan den russiske fullskalainvasjonen av Ukraina i 2022 at partane møtest for forhandlingar.

    Russland krev at Ukraina skal vere nøytralt, ikkje bli med i Nato, og berre ha eit avgrensa forsvar. Samstundes krev Russland full kontroll over dei fire austlege regionane – også dei delane dei ikkje har okkupert.

    Ukraina på si side krev at desse regionane ikkje skal bli anerkjende som russiske.

  • Kva kan bli utfallet av forhandlingane?

    Det er knytta spenning på om den russiske presidenten Vladimir Putin kjem til å dukke opp i Tyrkia. Ved førre møte for to veker sidan deltok han ikkje, men sende i staden ein delegasjon.

    Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj har sagt at han ønskjer direkte samtalar med Putin, og meiner det må eit direkte møte til for å kome vidare.

    Mange håpar at landa kan bli samde om ei våpenkvile og ein plan for fangeutveksling.

Møter etter store angrep

I helga utførte begge partar omfattande angrep mot kvarandre.

Mest oppsiktsvekkande var nok angrepet Ukraina utførte droneangrep mot russiske flybasar i fem regionar.

Ukraina utførte fem droneangrep på same dagen mot Russland søndag.

Det russiske forsvarsdepartementet stadfestar at angrepet skjedde. Ved Murmansk og Irkutsk førte droneangrepet til at fleire store bombefly begynte å brenne.

Frå russisk side blir det ikkje sagt kor mange fly som blei skadde eller øydelagde. Men ukrainske styresmakter seier at det dreier seg om 40 fly.

Om dette talet er riktig, er det ein vesentleg del av dei 130 bombeflya som russarane har av denne typen.

Verken Ukraina eller Russland har sagt at dei vil trekke seg frå samtalane etter angrepa i helga.

Tormod Heier, professor ved Forsvarets høgskole, trur angrepet kjem til å ha vesentleg innverknad på møtet i dag. Han seier også at tidspunktet for angrepet er strategisk smart av Ukraina.

Professor Tormod Heier

Ukraina kan gå inn i samtalane med eit «psykologisk overtak», meiner Tormod Heier, professor ved Forsvarets høgskole.

Foto: NTB

– Ein ønsker alltid å gå inn i slike møter med eit viss psykologisk overtak. Og det har ein når ein har gjennomført eit so pass omfattande droneangrep som det Ukraina gjorde, seier Heier.

Dette kan ein forvente av møtet

Det er vel to veker sidan delegasjonar frå begge land møttest i Tyrkia. Då blei dei einige om å starte samtalar om våpenkvile og å utveksle 1000 krigsfangar. Dei ville også diskutere om presidentane Zeleskyj og Putin kan møtast.

Også denne gongen er det venta at spørsmålet om krigsfangar vil bli diskutert. Her kan det vere mogleg å finne løysningar.

I helga sa Tyrkias utanriksminister Hakan Fidan at Donald Trump, Vladimir Putin og Volodymyr Zelenskyj bør møtast i Istanbul. Men dette skjer nok ikkje med det første.

I dag er det representantar frå Ukraina og Russland som møtest, og ikkje presidentane eller andre høgståande representantar.

Møtet blir det andre sidan Russland gjekk til fullskala invasjon av Ukraina i februar 2022.

Dei skal møte i Ciragan-palasset i Istanbul.

en person som går foran en bygning

Her i Ciragan-palasset skal delegasjonane frå Ukraina og Russland møte i dag.

Foto: Murad Sezer / Reuters / NTB

Ein talsperson frå utanriksdepartementet i Ukraina seier at den ukrainske delegasjonen har møtt med representatar frå Tyskland, Italia og Storbritannia før møtet. Det melder AFP.

Mykje er framleis uklart

Når det gjeld dei meir kompliserte spørsmåla rundt kva som skal skje med dei fire regionane som Russland delvis har okkupert i Aust-Ukraina, er det annleis.

Ukraina krev at regionane ikkje skal bli anerkjent internasjonalt, medan Russland krev full kontroll over dei, også over dei delane som dei ikkje har okkupert.

en person i kamuflasje som står ved siden av en krasjet bygning

Medan Russland og Urkaina skal diskutere forholdet sitt seg i mellom, rasar krigen vidare ved frontlinja. Her i Kharkiv i Urkaina 16. mai.

Foto: Yevhen Titov / AP / NTB

Ukraina vil heller ikkje ha avgrensingar på sine militære styrkar i framtida, medan russiske myndigheiter forlanger at Ukraina skal bli nøytralt.

Det er liten grunn til å tru at dei to landa sine delegasjonar vil finne noko kompromiss på desse områda.

På russisk side har krava stort sett vore det same det siste året.

Interessert i meir utanriksstoff? Høyr podkasten vår her:

Publisert 02.06.2025, kl. 11.41 Oppdatert 02.06.2025, kl. 11.57

Read Entire Article