Ung og stolt bærar av urgamle tradisjonar

2 hours ago 2



Under Landskappleiken på Hovden i Setesdal har Vilde Westeng nok ein gang synt seg fram som ein av dei aller beste folkedansarane i Noreg.

Men medan andre i folkemusikkmiljøet gjerne har med seg genar frå generasjonar, starta det heile med ei sterk TV-oppleving som åtteåring i 2009.

Fristad og jobb

– Vi hadde ei nabojente som spelte hardingfele, og så såg vi dansekompaniet Frikar saman med Alexander Rybak i Eurovision Song Contest. Eg vart inspirert, slik som sikkert veldig mange andre ungar på den tida.

Alexander Rybak og Frikar på pressekonferanse

Dansarane i Frikar vann Eurovision saman med Alexander Rybak i 2009. Frikar var årsaka til at Vilde Westeng starta med folkedans.

Foto: Eirik Sivertsen / NRK

Kort tid etter byrja ho på dansekurs på kulturskolen på Notodden, og sidan har ho aldri slutta.

– Det er fritida mi, det er jobben min, og det er fristaden mitt når alt anna blir litt for mykje, seier Westeng.

Vilde Westeng og Sigbjørn Rua på Landskappleiken 2026

Vilde Westeng og Sigbjørn Rua saman på øving under Landskappleiken på Hovden.

Foto: Privat

Møttest på kappleiken

At dansekompaniet Frikar var inspirasjonen hennar, synest Sigbjørn Rua (52) er veldig stas.

Han var ein av dei unge mennene som dansa halling på scena i Moskva då Rybak henta heim sigeren til Noreg med «Fairytale» i Moskva i 2009.

– Det er alltid moro når det vi held på med, fangar dei unge si merksemd og interesse, seier Rua.

Han har følgd karrieren til Westeng tett og under Landskappleiken i år øvde dei to saman.

– Det er viktig for oss som har halde på lange å lære ting til neste generasjon, seier Rua.

Magnhild Garnås Hauge på Landskappleiken 2026

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Finaste eg kan

Mellom fargerike bunader og lyden av felespel møter NRK også 21 år gamle Magnhild Garnås Haugen frå Hjartdal i Telemark.

Ho jobbar som folkesongar og frilansmusikar, og i år tevla ho i klasse Vokal A – folkesongen sitt svar på Eliteserien.

Der kom ho på ein 4. plass med den sterke poengsummen 87 av 100 moglege.

– For meg handlar det ikkje om å gå opp på scena for å bevise at eg er best. Eg vil gå opp dit og syngje det finaste eg kan, og fortelje ei historie, seier Haugen.

Folkedanser Vilde Westeng instruerer barn i halling under Landskappleiken på Hovden i Setesdal juni 2026

Ein viktig del av Vilde Westeng sitt liv og virke handlar no om å lære frå seg tradisjonsrike dansesteg. Her frå kurs i halling for born under Landskappleiken.

Foto: Test

Ein arv i gåve

Både Haugen og Westeng har vakse opp med folkemusikken og dansen tett på kroppen, men på ulikt vis.

Haugen sin familie tel fleire av dei mest profilerte og framifrå folkemusikarane i landet, noko ho ser på som eit stort privilegium.

Med Agnes Buen Garnås som gommo, Knut Buen som grandonkel og Per Anders Buen Garnås som onkel, var vegen inn i tradisjonen kort.

– Eg tenkte ikkje over det i oppveksten, men eg ser jo no kva verdi det har hatt å få all denne kunnskapen heilt gratis, fortel Haugen.

Ho lever blant anna av å reise rundt og halde kurs for barn og vaksne, både i inn- og utland.

– Eg trur mange likar det utan å vere klar over det sjølv, dei må berre bli eksponerte for det nokre gonger, smiler dansaren.

Vilde Westeng er profesjonell folkedansar

Ny rekord

Folkemusikken og folkedansen opplever for tida ein stor vekst, noko årets deltakarrekord på Landskappleiken vitnar om.

Samstundes toppar norskspråkleg musikk hitlistene i sjangrar som rap, pop og rock.

Mange artistar hentar inspirasjon frå dei gamle folketonane i den nye musikken.

Musikere på en scene utendørs

Pumpegris er eit av banda som gjer stor suksess med folkemusikkinspirert musikk på dei store scenene. Her frå festivalen Rondaståk.

Foto: Eskil Olaf Vestre / NRK

Magnhild Garnås Haugen synest utviklinga er spennande, men kjem med ei tydeleg formaning til musikarar som kastar seg på trenden og lånar frå tradisjonsmusikken:

– Folkemusikken er litt skjør, sjølv om miljøet er stort no. Viss du skal gje ut musikk og kalle det folkemusikk, må du lære deg språket fyrst, på same måte som før du skriv ei bok.

Ho meiner at band som Valkyrien Allstars og Pumpegris er gode døme på band som tek seg tid til å fortelje kvar låtane og inspirasjonen kjem frå.

Magnhild Garnås Hauge på Landskappleiken 2026

Magnhild Garnås Haugen møter stadig på gode vener og kjentfolk på Landskappleiken. Her saman med brørne Herjus og Neri Bakkjen frå Oslo.

Foto: Test

Tradisjon og endring

Musikken og dansen dei to kvinnene formidlar er urgammal, og strekkjer seg fleire hundre år tilbake i tid.

– Vi har eit stort ansvar for å vite kvar dette kjem frå, seier Westeng.

Ho legg likevel stor vekt på at folkemusikkmiljøet også må endre seg i takt med tida.

– Det ligg i tradisjonsomgrepet at det ikkje skal vere stilleståande. Vi skal ikkje gjere nøyaktig det same som dei gjorde for hundre år sidan.

For Magnhild Garnås Haugen handlar det til sjuande og sist om respekt for kjeldene.

– Eg hadde ikkje hatt nokon songar å syngje i dag viss det ikkje var for dei gamle kjerringane som levde for 200 år sidan. Vi må ikkje gløyme dei vi faktisk står på skuldrene til.

Publisert 27.06.2026, kl. 17.30

Read Entire Article