Unge menn held fram med doping når sexuallysta sviktar: – Kan vere veldig krevjande

1 week ago 28



– Dei som tok kontakt er heilt klart yngre enn i 2024, seier Christine Wisløff.

Ho er leiar for Steroideprosjektet ved Oslo Universitetssjukehus, eit nasjonalt tiltak som spreier kunnskap om helsekonsekvensar og behandling for personar som bruker anabole steroid.

Christine Wisløff

AUKA PÅGANG: Christine Wisløff er leiar av Steroideprosjektet.

Foto: Jørn Andre Lien / NRK

For i jakta på større musklar er det ein del yngre, spesielt gutar, som dreg det for langt, viser ferske tal.

Auken er markant i førespurnader frå unge menn i aldersgruppa 17-25 år som har teke i bruk anabole steroid, og som opplevde negative helsekonsekvensar både fysisk og psykisk.

I 2024 var det 229 personar mellom 17-25 år som tok kontakt, medan i 2025 var talet auka til 367 personar.

– Det er ein ganske stor vekst. Dessverre er trenden at det aukar også i 2026, seier Wisløff.

Trening på Sats

BENKPRESS: Einar Tønnessen-Krokan fortel om ein flexe-kultur i garderoben etter trening.

Foto: Jørn Andre Lien / NRK

På Sats på Røa i Oslo møter NRK 17-åringane Karl Kristian Haugsrud, Einar Tønnesen-Krokan og Henrik Bugge.

Dei trenar 4-5 dagar i veka på treningssenter og synest det er trist at enkelte brukar feil metodar.

– Eg synest det er dumt at unge folk brukar unaturlege midlar berre for å sjå litt større ut, seier Einar Tønnesen-Krokan.

– Eg kjenner heldigvis ingen som brukar det, seier Karl Kristian Haugsrud.

– Det er ikkje bra for kroppen å bruke anabole steroid. Eg kjenner ingen som driv med det. Men ein høyrer stadig meir om det. I alle fall på nett og i sosiale medium. Ein ser at kjente profilar frå utlandet driv med det. Dei som ser på er unge og lett påverkelege, seier Henrik Bugge.

Tre gutar på treningssenter

TRE BLIDE GUTAR: Karl Kristian Haugsrud (frå venstre), Einar Tønnessen Krokan og Henrik Bugge møtes nesten kvar dag for å trene på treningssenter.

Foto: Jørn Andre Lien / NRK

– Vil gjerne slutte

NRK har fått tilgang til spørsmål frå unge gutar som er sendt til Dopingkontakten til Antidoping Noreg.

Dopingkontakten er ein anonymisert chatteteneste der ungdom kan komme med spørsmål. Alle spørsmåla kjem frå ungdom mellom 14-24 år:

  • «Er det trygt og bra å ta peptider, spesielt GHS peptider for å bygge musklar og styrke?»
  • «Er det farleg å ta 500 mg testosteron og 450mg trenbolon i veka?»
  • «Er det farleg med ein liten kur av Anavar?»
  • «Er MK-677 lovleg i Noreg?»
  • «Skulle gjerne slutta, men slit med det kvar gang pga. føler meg så liten heile tida»
  • «Ville eigentleg berre snakke om det fanst nokon steroid som gjør muskelvekst raskare, utan noko særleg biverknader? Har sjølv kompisar som har blitt veldig mykje større, og eg er framleis like tynn som alltid… og dette må eg seie har øydelagt motivasjonen heilt totalt.»

– Treng å bli sett

Marte Otterholm Fjeld leder den anonyme samtale- og informasjonstjenesten Dopingkontakten.

TAR KONTAKT: Marte Otterholm Fjeld opplever stor pågang på Dopingkontakten.

Foto: Erik Thallaug

– Doping er berre midlar for å løyse eit underliggande og større problem, seier Marte Otterholm Fjeld. Ho er avdelingsleiar for folkehelse hos Antidoping Noreg.

– Det kan handle om utanforskap, søk etter identitet, strenge krav til eige kroppsutseende, kjærleikssorg, eller ei opplevd krise for akkurat denne ungdommen.

– Dei treng å bli sett, akseptert og forstått. Det er det vi i Dopingkontakten prøvar å gjere, samtidig som vi kan skape refleksjon om doping er den beste løysinga, held Otterholm Fjeld fram.

– Energien blir borte

Christine Wisløff ved Steroideprosjektet fortel at mange slit med å slutte med doping og opplever biverknadar.

– Mange i denne aldersgruppa har brukt ein steroidekur i nokre månader. Men når dei sluttar får dei ein psykisk nedtur. Energien blir borte. Og dei opplever tungsinn. I tillegg opplever dei potensproblem. Og at sexuallysta sviktar.

– For ein gut på 17-18 år, som har investert i kroppen sin, og opplever problem seksuelt - kan det vere veldig krevjande. Difor held dei heller fram med steroid, seier Wisløff.

Trening

LØFTAR VEKTER: Henrik Bugge er i gang med knebøy på Sats Røa i Oslo. Han får hjelp av kompis Einar Tønnessen-Krokan. For gutane er trening ein stor del av livet.

Foto: Jørn Andre Lien / NRK

– Imponere jentene

På Sats på Røa held gutane seg til naturlege metodar og beinhardt slit.

Karl Kristian Haugsrud har nettopp avslutta ei sett på ti repetisjonar i benkpress. 90 kilo på stanga blei gjennomført utan dei store problema.

Rundt han følgjer kompisane konsentrert og nøye med. Alle tre med markerte biceps og stram lårmuskulatur. Dei har trent i fleire år. Framgangen har vore markant.

trening på sats

TUNGT i BENK: Karl Kristian Haugsrud pressar bicepsen til det yttarste i benkpress.

Foto: Jørn Andre Lien / NRK

– Ein grunn er at eg vil sjå bra ut, og det er positivt det å vere sterk og vere i form, seier Einar Tønnessen Krokan.

– Det er også sosialt. Eg driv ikkje med noko anna idrett. Så det er ein fin stad å møte venner og samtidig vere i fysisk aktivitet, seier Henrik Bugge.

– Og så er det greitt å imponere nokre jenter, smiler Karl Kristian Haugsrud.

Publisert 13.04.2026, kl. 05.38

Read Entire Article