– Det kan godt hende Carrick bør få jobben permanent med dei same argumenta som gav Solskjær stillinga i 2019. Den same tilsetjinga bør minne hierarkiet på Old Trafford om at ei forhasta avgjerd, teke i affekt, ikkje nødvendigvis er det rette, seier TV 2-kommentator, Øyvind Alsaker til NRK.
Han viser til at Solskjær fekk trenarjobben i Manchester United permanent etter gode resultat umiddelbart.
Men at pilene deretter peika nedover, sjølv om sesongen 2020/21 enda med topp 4-plassering i serien (2. plass) og finale i Europaligaen.
Før han fekk sparken i november 2021 etter ein svak start på sesongen.
FEKK SPARKEN: Ole Gunnar Solskjær etter tapet mot Watford i november 2021. Dagen etter fekk han sparken i klubben.
Foto: AFPStø kurs mot Meisterligaen
No minner situasjonen rundt Michael Carrick om det same. 44-åringen har nemleg fått smila tilbake på Old Trafford.
Frå vere ein klubb i djup krise under Ruben Amorim, har den tidlegare United-spelaren snudd alt på hovudet i løpet av berre nokre få månader.
Carrick tok over jobben som førebels hovudtrenar i januar etter at Amorim fekk sparken.
Og etter å ha ført klubben opp på ein tredjeplass på tabellen, har klubben stø kurs mot ein plass i Meisterligaen neste sesong.
Det er nesten som fansen må klype seg i armen. Frå å vere ein gravplass for fotball er klubben oppstanden frå dei døde.
Under Carrick står United med sju sigrar, to uavgjort og berre eitt tap på ti kampar.
SKEPTISK: Øyvind Alsaker meiner Manchester United bør lære av historia før dei tilset ny manager permanent manager.
Foto: TV 2– Vi synest han er rett mann
Ifølge Daily Mail har Carrick støtte frå spelarane i troppen for fast jobb. Det seier både Amad Diallo og Bryan Mbeumo.
– Det er ikkje opp til oss spelarane å bestemme hans framtid. Men han har vore fantastisk, seier Diallo.
– Han har gjort så mykje for laget. Han har stor erfaring, han kjenner klubben, og han har vore her lenge. Vi synest han er rett mann, og er veldig glad for den jobben han gjer akkurat no, seier Diallo vidare.
VIL HA CARRICK: Amad Diallo og Bryan Mbeumo på ein pressekonferanse tysdag. Der kom det fram at dei vil behalde Michael Carrick som fast manager i Manchester United.
Foto: Cathal McNaughton / REUTERS,NTB– Han kjenner klubben, og han veit korleis han skal snakke til oss. Så det har vore fantastisk å jobbe med han, seier Mbeumo.
Men Øyvind Alsaker meiner klubben bør lære av tidlegare feil.
– Viss – og det er eit stort viss – den sportslege leiinga i United veit kva dei driv med bør dei kanskje vente til etter VM, og vege kandidatar og moglegheiter. Carrick kan involverast i arbeidet. Han er lojal og vil tre til side dersom United finn ein ideell kandidat, analyserer Alsaker.
– Klokt å ikkje forhaste seg
Med cirka to månader igjen av sesongen har styret og leiinga i klubben ei stor avgjerd framfor seg.
Også Viaplays fotballekspert Lars Tjærnås meiner klubben må ha «is i magen».
– Eg meiner det er klokt å ikkje forhaste seg. Det har dei gjort før. Dei har ingenting å tape på å sjå an resten av sesongen, og gjere opp status då. Då vil også fleire gode trenarar vere tilgjengelege, seier Tjærnås til NRK.
EKSPERT: Lars Tjærnås dekkjer Premier League saman med blant andre Jan Åge Fjørtoft.
Foto: Terje PedersenNRKs fotballekspert Car-Erik Torp meiner klubben gjer ein tabbe dersom dei tilsett Carrick no.
– Eg kan ikkje forstå kvifor dei skal forhaste seg. Slik dei gjorde til dømes med Solskjær. Dei bør ta seg god tid. Og sjå korleis resultata blir dei sju siste kampane i ligaen, seier Torp.
Carrick snappa jobben i konkurranse mot nettopp Ole Gunnar Solskjær i januar. Torp meiner klubben allereie har gjort ein grundig jobb rundt 44-åringen.
NRKs FOTBALLEKSPERT: Carl-Erik Torp meiner Manchester United ikkje må forhaste seg.
Foto: Olav Viksmo-Slettan /NRK / Olav Viksmo-Slettan /NRK– Dei brukte lang på å tilsetje Carrick etter Amorim. Og det har vist seg å vere eit godt val. Han er ein bra fyr, og pilene har peika oppover. Dei kjem sikkert til å tilsetje han fast uansett – i fråværet av andre kandidatar, meiner Torp.
Ansvarleg redaktør i United.no, Dag Langerød meiner nettopp tilsetjinga av Carrick i januar betyr at klubben har lært.
– Det eg trur eg veit, etter å ha snakka med folk eg stolar på, er at då dei tilsette Carrick så var dei fast bestemt på at dei ikkje skulle gjere som «sist» med Ole Gunnar Solskjær. Det var null planar om å gå den vegen igjen, fastheld Langerød overfor NRK
– Tikkar mange boksar
Det er dagleg leiar Omar Berrada og sportsdirektør Jason Wilcox som vil leie prosessen med å finne ny hovudtrenar.
Lars Tjærnås meiner jobben må gjerast grundig.
– Dei bør starte med å vere ekstremt nøye på kva dei vil ha før kven dei vil ha. Personlege leiareigenskapar og fotballfilosofi med ei rekkje underpunkt bør spele sterkt inn. Når det er sagt – har Carrick knapt gjort éin ting gale etter han kom, og stiller sjølvsagt sterkt blant moglege kandidatar, melder Tjærnås.
Øyvind Alsaker meiner berre det beste er godt nok for ein klubb som Manchester United.
– Hittil tikkar Carrick mange boksar. Gode resultat, han kjenner klubben og er populær blant spelarane. Men dette er Manchester United som skal tilbake til toppen – så spørsmålet må vere: Er han i stand til det? Eg veit ikkje, smiler Øyvind Alsaker.
Publisert 09.04.2026, kl. 13.40 Oppdatert 09.04.2026, kl. 13.43













English (US)