USA og Cuba: Spenninga aukar etter drapstiltale mot ekspresident

15 hours ago 7



– Dei vil ta over Cuba, uansett pris, og me kubanarar er villige til å døy for dette landet.

Det seier Alexis Rondon til nyheitsbyrået Reuters frå Havanna, hovudstaden på Cuba.

Dei siste dagane har situasjonen vorte stadig meir spent mellom Cuba og USA.

Onsdag offentleggjorde USA at dei hadde tatt ut drapstiltale mot tidlegare president Raúl Castro. Kort etter skulda Cubas utanriksminister USA for å ljuga for å kunna setta i verk ein militær operasjon.

 nøytralisert".

Det kvite hus har stempla Cubas tidlegare president Raúl Castro som «nøytralisert» fordi han er drapstiltalt.

Faksimile: Det hvite hus/X

Førebels har president Donald Trump avvist at USA planlegg noko militær opptrapping.

– Nei. Det vert ikkje noko opptrapping. Eg trur ikkje det er behov for det. Høyr her, staden fell frå kvarandre. Det er eit kaos, og dei har på ein måte mista kontroll, sa Trump til fleire medium onsdag.

Det ser ikkje ut til å vera nok for kubanarane.

Fredag ettermiddag har fleire tusen menneske møtt opp utanfor den amerikanske ambassaden i Havanna for å demonstrera mot drapstiltala, skriv Reuters.

Folkemengde med soldater i forgrunnen. En person holder opp det kubanske flagget.

Det er store demonstrasjonar utanfor USAs ambassade i Havanna fredag.

Foto: Ramon Espinosa / AP,NTB

Vil hindra bruk av militæret

Utsegna frå Trump kom etter mykje spekulasjon om at ei militær opptrapping kan stå på trappene.

Fleire demokratiske senatorar er blant dei som har uttrykt bekymring for nettopp det.

Denne veka kom dei med eit forslag for å hindra at Trump skal kunna bruka militæret mot den karibiske øya.

Rødt skilt på et hustak hvor det står "Patria o muerte", som betyr "fedreland eller døden"

«Fedreland eller døden». I Havanna finn ein støtte for heimlandet på hustak òg.

Foto: Reuters

Dei viste mellom anna til at Trump fleire gonger har trua med å senda militæret til Cuba, og meldingar om at delar av militæret har fått beskjed om å førebu åtaksplanar, skriv Reuters.

I samband med tiltalen mot Castro har USA sagt at dei forventar at han vil dukka opp når rettssaka startar.

– Anten ved eiga vilje eller på ein annan måte, seier fungerande justisminister Todd Blanche.

Men han ville ikkje svara på om USA planlegg å bruka militærmakt mot øya.

Marco Rubio ser til siden. I forgrunnen Donald Trump, som ikke er i fokus.

Utanriksminister Marco Rubio er son av kubanske immigrantar og har vore ein svært krass kritikar av styresmaktene på øya.

Foto: JIM WATSON / AFP,NTB

Hardt råka land

USA har hatt kraftige sanksjonar mot Cuba i fleire tiår, noko som har prega landet.

Men dei siste månadane har situasjonen for vanlege kubanarar vorte stadig verre.

Venezuela var den viktigaste oljeleverandøren til Cuba. Etter åtaket i januar blokkerte Trump all oljeeksport til den karibiske øya.

Han har òg trua med straffetoll mot alle land som prøvar å forsyna Cuba med olje.

Silhutter av to personer ute på gata, i bakgrunnen brenner et stort bål.

Det har vore mykje protest på Cuba mot energiblokaden til USA. Protestbål, som dette i Havanna, er ikkje eit uvanleg syn.

Foto: YAMIL LAGE / AFP,NTB

Det har hatt enorme konsekvensar.

Sjukehus manglar straum. Søppel hopar seg opp. Styresmaktene har kutta i kollektivtransporten. Matprisane har auka.

En stor lastebåt i Havana

Mexico er blant landa som har sendt naudhjelp til Cuba. Her er lasteskipet «Asian Katra» i Havanna 18. mai.

Foto: ADALBERTO ROQUE / AFP,NTB

Òg store delar av vassforsyninga står i fare, fordi ho er avhengig av straumnettet – som igjen er avhengig av olje.

No har Cuba takka ja til naudhjelp frå USA, ifølge USAs utanriksminister Marco Rubio. Kubanske styresmakter har førebels ikkje stadfesta dette.

Tidlegare i mai vart det kjend at USA har tilbydd landet 100 millionar dollar i humanitær hjelp.

Fire menn i et mørkt rom. På en slitt vegg henger et bilde av Fidel Castro og Raúl Castro, med påskriften "«viva la revolución», som betyr "leve revolusjonen"

Blokaden til USA gjer at kubanarar må spara på straumen – når dei faktisk har straum. Øya har vore råka av fleire store og lange straumbrot dei siste månadane.

Foto: Norlys Perez / REUTERS,NTB

Utanriksminister Bruno Rodríguez har tidlegare sagt at Cuba ville vurdera tilbodet, men var òg klar på at USA bør fjerna blokaden sin:

– Den beste hjelpa som amerikanske styresmakter kan gje, er å trappa ned tiltaka knytte til blokaden, som har vorte stramma til som aldri før dei siste månadane og som har alvorleg påverknad på kubansk økonomi og samfunn, skreiv han på X.

Mann i dress og slips på en talerstol med FN-logoen på

Den kubanske utanriksministeren Bruno Rodríguez talte til FN i september 2025.

Foto: CHARLY TRIBALLEAU / AFP,NTB

– Gjer det berre verre

Ei militær opptrapping er ikkje populær blant kubanarar.

– Viss dei prøvar å gjera det same som i Venezuela, vil dei kanskje lukkast. Men berre gjennom eit blodbad, for me kubanarar er villige til å døy for landet. Viss dei verkeleg vil ha ei løysing for Cuba, burde dei fjerna blokaden og gjera det no, seier Alexis Rondon.

Mann i sportstrøye med solbriller på hodet

Alexis Rondon er ikkje i tvil: Kubanarar er villige til å ofra livet for å stå opp mot USA.

Foto: Reuters

Han viser til då USA gjekk til åtak på Venezuela i byrjinga av januar og bortførte president Nicolás Maduro.

Dette har skjedd i Venezuela

  • Hva har skjedd?

    Gjennom høsten 2025 sendte USA store militærstyrker til havområdet utenfor Venezuela.

    Samtidig begynte amerikanske spesialstyrker å bombe båter utenfor Venezuela, som de hevdet fraktet narkotika. I desember startet USA en blokade av sanksjonerte tankskip i Venezuela.

    Så natt til 3. januar bombet USA flere mål inne i Venezuela, blant annet i hovedstaden Caracas.

    Under angrepene, ble amerikanske spesialsoldater fløyet inn i hovedstaden, hvor de bortførte president Nicolas Maduro.

    Etter bortføringen av Maduro, ble visepresident Delcy Rodríguez innsatt som midlertidig president.

  • Hvorfor angrep USA Venezuela?

    I USA er Maduro tiltalt for det amerikanske myndigheter kaller «narkoterrorisme».

    President Trump hevder Maduro leder et narkokartell og at Venezuela sender store mengder narkotika til USA. Det motstrides av eksperter.

    Maduro avviser beskyldningene. Han hevder Trumps «krig mot narkotika» er et påskudd for å få kontroll over Venezuelas olje og å avsette ham som president.

    Trump har varslet at USA nå skal styre Venezuela «inntil videre». Amerikanske selskaper skal ta kontroll over oljeressursene slik at oljen «flyter som den skal», ifølge Trump.

    Eksperter peker på at Trumps mål er å få inn en ny regjering som sikrer amerikanske interesser og fjerner russisk og kinesisk innflytelse i regionen.

  • Har USA lov til å gjøre dette?

    Nei, mener eksperter NRK har snakket med i etterkant av angrepet.

    Folkeretten slår fast at bruk av væpnet makt overfor en annen stat ikke er lov. Det finnes to unntak: Ved selvforsvar, eller ved å få tillatelse fra FNs sikkerhetsråd.

    Statsoverhoder har også immunitet, slår folkeretten fast. USAs angrep krenker dette prinsippet.

    USA mener på sin side at de ikke anser Nicolás Maduro som den rettmessige statslederen, og at han dermed ikke har immunitet.

    Det er likevel fortsatt et brudd på folkeretten, slår ekspertene fast.

    USA kaller angrepet en politiaksjon støttet av militære midler, og hevder at presidenten har konstitusjonell myndighet til å handle mot trusler mot rikets sikkerhet.

  • Hva skjer videre?

    Trump har truet fungerende president Rodríguez med at hun vil betale en «enda høyere pris» enn Maduro, dersom hun ikke gir etter for amerikanske krav.

    Rodríguez har på sin side bedt folket samle seg for å forsvare Venezuela og landets naturressurser.

    Midt i maktkampen er den humanitære bekymringen akutt. Etter ti år med økonomisk kollaps og åtte millioner på flukt, frykter man at økt vold og politisk kaos vil føre til en forverret humanitær krise.

Kubanske María Elena Cabrera meiner truslane frå USA og drapstiltalen mot den tidlegare presidenten gjer vondt verre i heimlandet.

– Som land har me det veldig vanskeleg no, med alle problema med straum, mat og transport. Dette gjer det berre verre. Dette er den leiaren me alltid har hatt; me har aldri kjent til noko anna, så eg veit ikkje korleis folk vil reagera, seier ho til Reuters.

Eldre kvinne med lyst hår snakker

Livet er vanskeleg på Cuba no, seier María Elena Cabrera. Ho fryktar situasjonen kan bli endå verre.

Foto: Reuters

Interessert i det som skjer i verda? Høyr utanriksredaksjonens podkast:

Publisert 22.05.2026, kl. 22.55

Read Entire Article