USA og Ukraina i gang med samtalar i Saudi-Arabia

1 month ago 41



Berre timar etter at Ukraina sendte det største droneangrepet mot Moskva hittil, set ukrainske og amerikanske delegatar seg ned i den saudiske byen Jeddah for å diskutere ein fredsplan.

Målet er å samle inn informasjon om kva som må til for å få ein slutt på krigen mellom Ukraina og Russland.

Rett over 10 meldte dei at møtet var i gang.

MENN I DRESS SITTER RUNDT ET BORD

Anton Gerasjenko, frå Ukrainas delegasjon til Jeddah, har delt dette bildet frå forhandlingsbordet.

Foto: X/Anton Gerashchenko

Zelenskyj møtte kronprinsen

Forhandlingane blir det første møtet mellom Ukraina og USA etter at Donald Trump skjelte ut Volodymyr Zelenskyj i Det kvite hus i slutten av februar.

Ingen av dei to presidentane deltar på dagens møte.

Zelenskyj er likevel til stede i Jeddah. Måndag kveld møtte han Saudi-Arabias kronprins Mohammed bin Salman. Dei to diskuterte Saudi-Arabias moglege rolle som meklar i forhandlingane mellom Ukraina og Russland.

en mann som håndhilser på en mann i kappe

Zelenskyj og Bin Salman i Jeddah måndag kveld.

Foto: - / AFP / NTB

Tysdag føremiddag skriv det saudiske nyheitsbyrået SPA at det blei diskutert ein «berekrafitg, rettferdig og omfattande» fred i Ukraina.

– Dei to sidene ser fram til å utforske samarbeid rundt olje og gass, står det i ei felles utsegn frå kronprinsen og presidenten.

Droneangrep før samtalane

Ukraina er hardt pressa av USA og Russland.

I aust gjer russarane framsteg. I vest har USAs president Donald Trump frose våpen- og etterretningsstøtta, etter det oppheita møtet i Det kvite hus.

Natt til tysdag forsøkte ukrainarane å skaffe seg ein betre forhandlingsposisjon ved å gjennomføre det største droneangrepet mot Moskva hittil i krigen.

– Det var forventa. Det handlar om relativ militærmakt, og Ukraina bruker det vesle dei har for å skaffe seg forhandlingsmakt overfor både USA og Russland, seier Janne Haaland Matlary om angrepet.

Ho er professor i internasjonal politikk ved Universitetet i Oslo og Forsvarets stabsskule.

Trump vil ha ein rask slutt på krigen, men ukrainske og europeiske leiarar fryktar at dette betyr ein fred på russiske premiss, som kan føre til større russiske angrep seinare.

Etter at Trump skulda han for å ikkje ønske ein fred, har Zelenskyj har foreslått ei våpenkvile til havs og i lufta.

Krigen starta i 2014, då Russland innvaderte og seinare annekterte Krim-halvøya. I februar i 2022 utvikla det seg til ein fullskala invasjon av Ukraina.

Publisert 11.03.2025, kl. 10.25 Oppdatert 11.03.2025, kl. 10.47

Read Entire Article