USA slo favoritt Canada i ein nervepirrande OL-finale i ishockey, og kunne juble for sitt første OL-gull på 46 år.
Etter tre jamna periodar, skåra til slutt Jack Hughes i speleforlengninga.
Matt Boldy gav USA leiinga i kampen, men kanadiske Cale Makar utlikna til 1–1 før tredje periode.
I tredje periode var Nathan MacKinnon var nær ved å avgjere i ope mål, men skaut i stolpen.
– Det er nesten ikkje til å tru at Canada ikkje skårar her, sa VGs ekspert Erik Follestad.
Då Canada fekk to utvisingar med seks minutt att, blei presset enormt.
– Dette er det beste kampen eg har sett noko gong», slo Follestad fast.
Også VIF-profil Jørgen Karterud i NRKs OL-studio var imponert:
– Sinnssjukt nivå. Eg trur aldri eg har sett eit slikt nivå nokon gong.
Det er 12 år sidan Canadas førre gull, medan USA har venta heilt sidan 1980.









English (US)