Uvanleg augeblink fekk ekspertane til å reagere: – Billig triks

2 days ago 12



– Eg er ikkje så glad å ta det ute på teppet der. Det er litt «show off» for meg. Det kan du ta i garderoben med gutane, sa Horneland.

NRKs fotballekspert, som har vore trenar for blant anna Brann, Rosenborg og franske Saint-Étienne, var tydeleg i talen, da bilda av Canada-trenar Jesse Marsch som heldt ein tale med spelarane rundt seg blei viste på TV-skjermen.

Det uvanlege var at den omgåande tilbakemeldinga etter kampen blei tatt midt på banen.

Og nokre meter ved sidan samla Bosnia-trenar Sergej Barbarez også spelarane frå Bosnia-Hercegovina i ein liknande ring.

Horneland heldt på kritikken da NRK snakka med han etter sendinga.

– Det er eit grep, og det er nokon som liker det. Eg vil heller ha nærleik til spelarane i ein garderobe enn å vise alle korleis vi jobbar. Kvar trenar har sin smak. Eg hadde ikkje likt den måten, verken som speler eller trenar, seier Horneland.

Bosnia Barbarez

RING: Bosnia-trenar Sergej Barbarez midt i ringen etter kampslutt.

Foto: MICHAEL STEELE / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

– Trur knapt eg har sett det før

Ekspertkollega Jonas Grønner støttar langt på veg Horneland.

– Eg trur knapt eg har sett det før, at to lag gjer det rett etter kampslutt. Det var ein spesiell augeblink. Kor mykje påverknad det har, det er eg usikker på, seier Grønner, og spør seg sjølv om dei to trenarane tok inspirasjon frå kvarandre.

Han samanfattar sjølve grepet slik:

– Eit billig triks, for å vise leiarskap og at ein er veldig engasjert.

Historisk poeng

Grønner trekker samtidig fram at det etter ein VM-kamp er mykje som skjer. Spelarar og trenarar skal til fleire intervju, ein pressekonferanse og nokre utvalde spelarar kanskje i ein antidopingkontroll.

– Mange skal i ulike retningar, så det er nok eit forsøk på å samle alle for å få eit kjapt ord, seier Grønner, som tviler på at vi ser starten på ein ny VM-trend.

Marsch har vore trenar for fleire europeiske lag tidlegare, og styrte RB Salzburg da Erling Braut Haaland slo gjennom for fullt i den austerrikske klubben for snart sju år sidan. I VM-kampen fredag var amerikanaren engasjert på sidelinja gjennom heile kampen.

En mann i dress holder en fotball og peker med den ene hånden. Han er på en fotballbane med tilskuere i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Bernadett Szabo / REUTERS,NTB

– Han speler på kjensler, han speler på lidenskap. Han bryr seg jo og har veldig lyst til å få til noko med dei, seier Horneland.

– Du kan sjå kor intens han er, og kor engasjerte alle spelarane er. Dei har eit ungt lag, og dei har energi i laget. Jesse Marsch har gitt dei den energien til å gå ut og få noko ut av kampen, seier den tidlegare engelske spisskjempa Wayne Rooney hos BBC.

Og for Canada blei det ein historisk kveld i Toronto. Vertsnasjonen var også med i VM i 1986 og 2022. Begge dei to gongene enda det med tre strake tap i gruppespelet.

Dermed var fredagens 1–1 mot Bosnia-Hercegovina det første poenget til dei kanadiske herrane i VM-historia. Så står det att å sjå om dei kan klare å gå vidare frå gruppa, der dei også speler mot Qatar og Sveits.

Publisert 13.06.2026, kl. 11.17

Read Entire Article