Uvanleg grep skapte forvirring for Noreg: – Første gong eg har sett

5 hours ago 2



– Det er første gong eg har sett noko sånt i karrieren min. Men det er varmt. Det er sommar, og vi er i eit varmt land. Det er klassisk meisterskapskjensle, seier Ada Hegerberg til NRK.

Gigantiske vifter plassert ut over heile St. Jakob-Park møtte dei norske spelarane på trening dagen før EM blir sparka i gang.

Gigantiske vifter

VIFTER: Fleire gigantiske vifter var plassert rundt heile St. Jakob-Park stadion.

Foto: Egil Sande / NRK

Hetebølgja som herjar Europa med temperaturar opp mot 50 grader lengst sør har også nådd arrangørlandet Sveits. Synet av store vifter skapte difor glede hjå Noregs kaptein Ada Hegerberg, men også forvirring.

– Vi får vente å sjå om dei skal vere på i løpet av kampen i morgon. Vi spelar klokka ni i morgon, så då er den verste heten roleg. Men det kan jo vere dei har smekka dei opp for treninga vår. Det er vanskeleg å sei.

Men viftene er ikkje meint for å kjøle ned spelarane under kamp. NRK observerte også at viftene vart slått av før treninga til Noreg stara.

Landslagssjef Gemma Grainger må nemleg skuffe dei norske spelarane.

en person som smiler til kameraet

SJEF: Landslagstrenar Gemma Grainger skulle gjerne hatt ei vifte på benken under Noreg sine kampar.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Eg trur det er for graset. Eg hadde føretrekt at det var for folka som er her, men det er for graset tydelegvis. Eg har sett det før på varme grasmatter, sjølv om eg ikkje er banemannskap.

Ho skulle likevel håpe at vifta kunne bidra til meir enn å halde graset friskt.

– Eg skulle gjerne hatt ei ved sidan av meg på benken og for spelarane om det er mogeleg, seier ho med eit smil.

Kjøler ned spelarane

Varmen i den sveitsiske hovudstaden Basel var «snakkisen», då landslaget møtte pressa dagen før opningskampen mot vertsnasjonen. Det er meldt rundt 30 grader når Noregs kamp sparkast i gang onsdag.

UEFA stadfestar i ein e-post til NRK at viftene er der for graset og ikkje for spelarane. Dette er eit grep som kan gjerast på dei mest moderne arenaene i verda for å halde graset i best mogeleg tilstand.

Grainger understrekar at temperaturen ikkje har vore like hard som ho trudde den skulle vere.

– Vêret er slik det er. Vêret er regn, vind, sol. Det er ingen unnskyldning. Det er berre noko du må takle. For begge lag er det nøyaktig det same.

Det norske laget har tatt fleire grep for å møte varmen som vil møte spelarane.

kvinner i blå skjorter

VARMT: Kalde klutar og isbad blir nytta for å kjøle ned spelarane i den ekstreme varmen.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Vi har isbad og kald is, så vi har mange strategiar for å sørge for at dei er hydrerte og at kroppen held seg kald, fortel landslagssjefen.

Ada Hegerberg er førebudd på at det kan bli varmt.

– Vi er ganske mange som spelar i kvardagen i varmt klima, kan du sei. Nokon meir enn andre. Men no har vi fått nokon dagar her. Varmen er jo ei utfordring for alle. Det er likt for begge lag.

Dei norske kvinnene gjekk på ein smell i sist test før EM, då dei tapte 0–2 mot Sverige på Ullevål stadion torsdag i førre veke.

Kampen kan du høyre på kanalen NRK Sport frå 20.45 onsdag eller sjå på TV 2 Direkte.

Publisert 01.07.2025, kl. 19.38

Read Entire Article