Valdshending i Hustadvika: Sikta erkjenner straffskuld

4 weeks ago 20



Mannen er sikta for grov kroppsskade etter ei valdshending i Hustadvika kommune i Romsdal. Hendinga skjedde utanfor ein bustad på søndag.

– Han har erkjent straffskuld, seier advokat Mads Jenset, som er forsvararen til mannen.

Den sikta forsvann ut i terrenget etter valdshendinga og politiet gjorde fleire søk etter han i dei følgande dagane. Mannen blei arrestert i ein politiaksjon på onsdag.

Ber om fire vekers varetekt

Ein mann i 60-åra blei sendt til sjukehus med alvorlege skader etter hendinga.

Politiet har dei siste dagane gjennomført avhøyr av mannen i 30-åra. Dei jobbar framleis med å finne motivet for valden.

Anders Skorpen Trøen ser alvorlig mot kamera i politiuniform.

Politiadvokat Anders Skorpen-Trøen seier dei har bedd om fire vekers varetekt for den sikta.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

– Sikta erkjenner straffskuld, men vi må framleis undersøke nærare kva som er bakgrunnen for hendinga. Når det gjeld andre avhøyr, så har vi forsøkt å avhøyre den fornærma og vi må også snakke nærare med han, seier politiadvokat Anders Skorpen-Trøen.

– Har informasjonen de har henta inn, vore med på å gi dykk eit klarare bilde av motivet og bakgrunnen?

– Vi har fått meir opplysningar om det, men det er framleis meir etterforsking som må til, seier Skorpen-Trøen.

Politiadvokaten fortel at dei fredag har bedd om fire veker i varetekt for den sikta mannen.

– Han har samtykka til fengsling. Vi reknar med at vi får eit svar frå tingretten i løpet av dagen.

På dette tidspunktet er det ikkje aktuelt å utvide siktinga mot mannen i 30-åra.

Undersøker kontakt i forkant av hendinga

Politiet mistenker at det blei brukt slagvåpen i valdshendinga.

– Vi har klare haldepunkt for at det blei brukt eit slagvåpen, men vi har ikkje fått bekrefta dette enno. Tekniske undersøkingar og undersøkingar av den fornærma vil gi eit klarare svar på dette, seier Skorpen-Trøen.

Politiet har tidlegare gått ut med informasjon om at det hadde vore kontakt mellom partane før valdshendinga. Politiadvokaten seier at dei undersøker dette vidare.

– Vi veit at dei har møttest fysisk i forkant.

Dei undersøker også om det har vore noko kontakt mellom den sikta og den fornærma på digitale plattformer.

– Vi vil undersøke om det har vore dialog mellom dei og kva denne i så fall har vore. Og så må vi vurdere om det er nødvendig å sjå ytterlegare på dei digitale plattformene, seier Skorpen-Trøen.

Publisert 04.04.2025, kl. 11.46

Read Entire Article