Bestemødrene hennar representerte Høgre og Arbeidarpartiet i Høyanger kommunestyre, men da Hedda Andrine Skår Indrebø (22) hadde si politiske oppvakning i 17-årsalderen gjekk ho eit par knepp til venstre.
Med utgangspunkt i kjerneverdiane rettferd, fellesskap og likestilling måtte ho heilt til ytterkanten for å «finne heim»:
– Det var heilt naturleg at det blei Raudt, seier ho.
Eit par år seinare tok ho plass i kommunestyret, og denne hausten stilte ho for første gong til val som stortingskandidat.
Det heldt ikkje heile vegen, men takka vere kvinnene blei Sogn og Fjordane farga raud-grønt.
I alt vann «tuttifrutti-koalisjonen» tre av fire stortingsplassar i valdistriktet.
Nye tal frå Den europeiske samfunnsundersøkinga (ESS) viser at kvinner blir meir progressive. Sjukepleiarstudent Hedda Andrine Skår Indrebø (22) graviterte mot venstresida som 17-åring.
Foto: Håvard Nyhus / NRKSamanlikna med «høgrebølga» blant unge norske menn, har venstredreiinga blant unge norske kvinner nærast gått under radaren.
Indrebø, som studerer til å bli sjukepleiar, trur det handlar om talet på treffpunkt med velferdsstaten.
Trass likestillinga er det framleis ein tendens til at kontakten med barnehage, skole, helsevesenet og eldreomsorga går via mødrene.
På toppen er dei offentlege «omsorgsyrka» (psykolog, lege, lærar, sjukepleiar) i seg sjølv kvinnedominerte.
– Det med fellesskapen trekker mange damer til venstre, seier Indrebø.
– Samtidig som det kanskje også er litt i protest mot den meir høglydte høgrebølga.
GUTTA BOYS: I skuggen til høgrebølga blant gutane, har ein annan trend gått under radaren: Unge kvinner blir raudare og raudare.
Foto: SMK / SMK– Kjønn har på ny blitt ei viktig skiljelinje
Sjølv om det dryger til desember før alle valdata er ferdigtogne, kom den første hurtiganalysen av stortingsvalet denne månaden.
Studien viser at det har skjedd «ein stille revolusjon» der unge norske kvinner har blitt raudare.
Eitt eksempel: I NRKs supermåling i august sa 18 prosent av kvinnene at dei ville stemme SV, mot berre 4 prosent av mennene (sjå under).
– Kjønn har på ny blitt ei viktig skiljelinje i norsk politikk, seier Stine Hesstvedt ved Institutt for samfunnsforsking i Oslo.
I artikkelen Unge kvinner og menn på kollisjonskurs skriv ho om «ei stadig sterkare venstreorientering blant unge kvinner».
Ho viser til data som underbygger at unge kvinner er meir radikale i likestillingsspørsmål, meir opptatt av internasjonal solidaritet, og meir villige til å støtte ytre venstre enn eldre kvinner.
På toppen har avstanden mellom kva jenter og gutar stemmer i skoleval blitt dobbelt så stor på ti år.
– Om dette fortset, er vi vitne til eit nytt og skjerpa kjønnsgap i norsk politikk, seier Hesstvedt.
Monica Ruiz Biern / NRK
Stine Hesstvedt, Institutt for samfunnsforsking i Oslo
Kjønnsgapet i stemmegiving kan komme til å auke framover, dersom dette er ein såkalla generasjonseffekt; altså at generasjon Z er ein generasjon som held fram med å vere polarisert. Det er ting som kan tyde på det. Samtidig kan Frp-vendinga hos unge menn vere eit blaff, ein tidstendens, som vil stabilisere seg.
Mari Teigen, leiar i CORE – Senter for likestillingsforsking
Det er eit paradoks at avstanden i stemmegiving og haldningar aukar blant unge kvinner og menn, som trass alt er den mest likestilte generasjonen nokosinne. I alle fall langs nokre dimensjonar. Det store spørsmålet er om det er eit aldersfenomen eller eit generasjonsfenomen. Det vil vi følge med på i tida som kjem.
Øystein Otterdal
Svein Tuastad, statsvitar
Menn var meir radikale i etterkrigstida, men dette snudde da arbeidarklassen forvitra som mobiliserande politisk kultur utover på 70- og 80-talet. Samtidig oppstod den nye kvinnerolla med yrkesaktivitet og foreldreskap basert på gode offentlege permisjons- og barnehageordningar. Da blei kvinner meir venstrevridne og menn litt meir høgrevridde.
– Illustrerer at det mannlege blikket fortset å dominere
Hesstvedt trur glideflukta mot venstre har unndratt seg merksemd fordi ho i motsetning til «guttastemninga» ikkje har vore fronta av influensarar med medietekke – men i staden har vore diskre og gradvis.
Ifølge den nederlandske statsvitaren Cas Mudde er det ein annan grunn til at «alle» fokuserer på gutane.
I ein artikkel i The Guardian argumenterer han for at «usynleggjeringa» av dei kvinnelege veljarvandringane skriv seg inn i ein lang tradisjon der Mannen blir oppfatta som norma og standarden:
– At media er som besett av unge menn illustrerer at det mannlege blikket fortset å dominere, skriv han.
Ei undersøking gjennomført av Aftenposten i etterkant av Stortingsvalet viste at to av tre SV-veljarar var kvinner. Fram til åttitalet var kjønnsforskjellane i norsk veljarmasse små (eitt prosentpoeng i 1981).
Foto: Gorm Kallestad / NTBAukande kjønnsgap er regelen i fleire land
Jørgen Bølstad, som er professor ved Institutt for Statsvitskap, gjer eit poeng av at det aukande kjønnsgapet følger ein brei internasjonal trend.
– Sjølv om unge veljarar kan skifte meining raskt, trur eg vi må rekne med at kjønn vil vere ei viktig politisk skiljelinje i åra som kjem, seier han.
Tidsskriftet The Economist sette i fjor saman data frå ulike studium i Europa, USA og Sør-Korea.
Datasettet viste at det var liten politisk forskjell på unge kvinner og menn i alderen 18–29 år for tjue år sidan, men at dei sidan har «sklidd frå kvarandre» og at kvinner har blitt «merkbart meir progressive».
I ei tilsvarande undersøking (referert i Financial Times) blei unge kvinner og menn spurde om dei identifiserte seg som liberale eller konservative.
Både i Tyskland og Storbritannia var forskjellen mellom kjønna meir enn 25 prosentpoeng.
I Polen stemte nesten halvparten av unge menn i alderen 18 til 21 år på det høgreradikale Konføderasjonspartiet i 2023. Berre 16 prosent av unge kvinner gjorde det same. På bilete: leiar i partiet, Krzysztof Bosak.
Foto: AFP– Uheldig om kjønnsgapet fortset å vekse
Sjølv om det framleis er langt fram til Sør-Korea – som Civita kallar eit «skrekkeksempel på kjønnspolarisering» – er det «uheldig om kjønnsgapet fortset å vekse».
Det seier Thea Joramo Lysne i Tankesmien Agenda, som tar mål av seg å bidra med «progressiv politikkutvikling» for sentrum og venstresida i norsk politikk.
– Det kan i verste fall bli eit demokratisk problem om menn og kvinner i aukande grad lever i ulike politiske verkelegheiter, seier ho.
Ho legg til at forskjellar i mediekonsum skaper grobotn for enda meir polariserte verdsbilde.
– Det peikar mot at forskjellen i politiske preferansar mellom kjønna er ein djuptpløyande tendens, som berre vil fortsette å auke.
Thea Joramo Lysne, Tankesmien Agenda
Relativt små rørsler blant unge menn har fått mykje merksemd, mens dei store endringane blant unge kvinner har gått meir under radaren. Kanskje fordi utviklinga har skjedd meir gradvis, og i takt med store sosiale rørsler som #MeToo, Black Lives Matter, klimastreikane og auka merksemd om kultur- og verdipolitiske spørsmål.
NRK
Peter Egge Langsæther, Institutt for statsvitskap, UiO
Det er ein del strukturelle endringar som har leidd til denne langsiktige utviklinga, for eksempel knytt til at kvinner tar meir utdanning enn menn, kvinners inntog på arbeidsmarknaden, og at kvinner oftare jobbar i «omsorgsyrke». Dersom desse strukturelle endringane fortset, kan vi sjå ein auke i kjønnsforskjellane.
Linda Reinholdtsen
Magnus Marsdal, redaktør i Manifest media
Velferdsstaten er arbeidarvennleg, i form av utjamning, men også mødrevennleg og kvinnevennleg. Dermed er langt fleire kvinner enn menn disponerte for å stemme raudgrønt, så lenge raudgrøn side forsvarer velferdsstaten. Andre faktorar speler også inn, sånn som likestillingspolitikken. Men den kjønnsdelte sysselsettinga veg antakeleg tyngst.
NRK
Svein Tore Marthinsen, valganalytikar og redaktør av nettstaden www.politisk-analyse.no
Det aukande kjønnsgapet er interessant, og forklaringa er samansett. Men eit viktig moment er at unge kvinner tar meir utdanning og generelt synest å ønske seg tryggare jobbar i det offentlege, mens unge menn søker til betre betalt arbeid i det private. Det er inga enkel oppgåve å spå. Men eg ser for meg at det kan bli ei viss stabilisering av stemmegapet, før pendelen kan svinge tilbake igjen.
Laik Hanbaly / DKBU
Dag Einar Thorsen, førsteamanuensis i statsvitenskap, Universitetet i Sørøst-Norge
Eg tenker vel at dette kanskje må skrivast på kontoen for medielogikk. Ingen skriv om tog som kjem fram som planlagt eller fly som landar på endemålet utan dramatikk. Når det gjeld journalistar, i alle fall norske journalistar, så er nok det å vere venstreorientert det normale, mens det å vere høgreorientert er eit avvik og dermed «newsworthy»
Publisert 16.10.2025, kl. 12.27 Oppdatert 16.10.2025, kl. 14.14