Våpenkvile-samtale haldast hemmeleg

1 month ago 13



Fleire meldte at det skulle bli publisert ein felles uttale frå USA og Russland etter forhandlingar om våpenkvile vart heldt i Saudi-Arabia måndag.

Reuters siterer talspersonen for Kreml, Dmitry Peskov, på at det ikkje bli publisert noko av innhaldet i samtalane likevel.

Resultat av samtalane blir no analysert, men innhaldet i samtalane vil definitivt ikkje bli publisert, seier Peskov.

en mann som ser på en annen mann

Talspersonen for Kreml, Dmitry Peskov, i prat med Russlands president Putin under en seremoni i 2024.

Foto: Turar Kazangapov / Reuters / NTB

Vil ha med FN

Russland vil ha med FN i forhandlingane om våpenkvile.

Det seier den russiske diplomaten Grigory Karasin tysdag morgon.

Utsegna kom etter samtalene om våpenkvile mellom USA og Russland på måndag.

– Vi skal fortsette samtalane, saman med det internasjonale samfunnet, seier han til nyheitsbyrået TASS.

No har Ukraina og USA nye samtaler i den saudiske hovudstaden Riyadh, fortel ukrainsk kjelde til AFP.

Det bekreftar også kjelder frå USA til Bloomberg.

Har Kina i tankane

Direktør Iver B. Neumann ved Fridtjof Nansens Institutt seier vi skal vere varsame med omgrepet fred i diskusjonar om Ukraina og Russland.

Mann med briller står og snakker med en kvinne som står med ryggen til. Han har en smårutete blå skjorte under en mørkegrå dressjakke.

Iver B. Neumann har blant anna forska på Russlands historiske forhold til Europa og makt og identitet i internasjonale politikk.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– Vi er kanskje nærare at USA sviktar Ukraina. Om det blir noko fred av det, det er eit heilt anna spørsmål.

Han seier det er positivt at dei forskjellige aktørane pratar saman, og funderer på kva det betyr at Russland vil inkludera FN i samtalene om våpenkvile.

– Kina sit i sikkerheitsrådet i FN, så det kan bety at Russland vil inkludere Kina i forhandlingane.

Intense samtaler

Den russiske diplomaten Karasin fortel om intense samtaler mellom amerikanske og russiske delegatar.

– Vi diskuterte alt, det var ein intens prat, ikkje enkel, men veldig nyttig for oss og amerikanarane, seier Karasin.

Samtidig understrekar Karasin at dei ikkje er i nærleiken av å løyse alt.

Møtet mellom partane var på måndag, og varte i 12 timar.

Ukraina og USA møttest

Før møtet mellom USA og Russland hadde delegatar frå USA og Ukraina samtalar på søndagen.

No har dei enda et møte om våpenkvile.

Tidslinje USA - Russland - Ukraina

Milepælar i arbeidet for våpenkvile og fredsavtale i Ukraina

Etter møtet fortalde den ukrainske forsvarsministeren på X at samtalane var produktive og fokuserte.

– Vi fokuserte på nøkkelpunkt, blant anna energi, skriv Rustem Umerov.

Utsikt over Ritz-Carlton hotellet

I løpet av søndag og måndag har både russiske delegatar og ukrainske delegatar våpenkvile-samtalar med USA på hotellet Ritz-Carlton i Saudi-Arabia.

Foto: Reuters

Våpenkvile

Det kvite hus har tidlegare sagt at dei vil ha ei våpenkvile innan 20. april, skriv Reuters som siterer anonyme kjelder avisa Bloomberg har snakka med.

Zelenskyj, Trump og Putin

Den amerikanske presidenten Donald Trump, Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj og Russland president Vladimir Putin.

Foto: SAUL LOEB, MAXIM SHEMETOV / AFP / NTB

Dette har ikkje opplysningar frå offisielt hald bekrefta.

Ukraina har sagt ja til USAs forslag om våpenkvile i 30 dagar.

Vladimir Putin har sagt nei til dette, men ja til å avslutte angrep på ukrainske kraftverk. Han har opna for forhandlingar om våpenkvile i Svartehavet og sagt ja til fangeutveksling mellom Ukraina og Russland.

Publisert 25.03.2025, kl. 09.03 Oppdatert 25.03.2025, kl. 10.57

Read Entire Article