Var i pengeknipe – delte nakenbilde av eksen

1 month ago 21



Mannen skulle promotere OnlyFans-konto.

 Truls Aagedal / TV 2
DØMD: Mannen delte fleire intime bilde av ekskjærasten på det store nettforumet Reddit. Foto: Truls Aagedal / TV 2

Publisert 23.09.2025 20:04

Det var i vinter at mannen i 20-åra delte 18 bilde og 1 video av ekskjærasten sin på nettforumet Reddit.

Det skal ha skjedd fordi han hadde hamna i ein vanskeleg økonomisk situasjon, kjem det fram i ein fersk dom frå Vestfold tingrett.

– Motivet for å dele bilda var å promotere ein felles OnlyFans-konto der det framleis låg tilgjengeleg innhald av han og fornærma som ikkje var sletta, skriv retten om hans forklaring.

– Grovt tillitsbrot

No har retten dømd han til fengsel i 70 dagar for deling av krenkande bilde.

Retten meiner det er skjerpande at fleire av bileta viser intime deler av kroppen til kvinna og at ansiktet hennar også er synleg.

Denne delinga hadde ikkje ho samtykka til, og den har gitt ho store psykiske påkjenningar i ettertid, ifølge bistandsadvokaten.

Retten omtalar delinga som «eit grovt tillitsbrot» og meiner det ikkje er formildande at dei to i fellesskap tidlegare har produsert og publisert pornografisk innhald.

– Straffa er for streng og dommen vil bli anka, både når det gjeld straffumålinga og det sivile kravet, seier forsvarar Christofer Arnø til TV 2.

I tvil om samfunsstraff

Mannen tilstod då saka gjekk for retten.

I dommen kjem det fram at han argumenterte for samfunnsstraff, grunna familiære forhold mellom han og ekskjærasten.

Men tingretten meiner deling av intime bilde har blitt eit samfunnsproblem og at ein difor må reagere med ein «merkbar reaksjon».

Under «noko tvil» har dei kome fram til at fengselsstraff er riktig. 

Mellom anna fordi materialet var «svært krenkande» og delt på ei offentleg nettside der tiltalte svara andre brukarar som kommenterte på bilda.

– Det ligg føre spesielle forhold i saka som etter vårt syn skiljer den frå andre samanliknbare saker. Det kjem jo også fram at retten under noko tvil har kome fram til at det ikkje skal givas samfunnsstraff, seier forsvarar Arnø.

Read Entire Article