Våre vakraste stader

1 month ago 32



Ei bygd definerast som eit sosialt og kulturelt fellesskap der tilhøyring, lokale tradisjonar og skikkar skaper lokal identitet mellom innbyggarane. Ei slik bygd kan skape gode oppvekstvilkår for barn og unge, men det kan også føre til kreativitet og nyskapning.

Ei slik bygd kan skape robuste vaksne som bryr seg om andre; vaksne som kan bidra. Eg trur at å ha slike bygder rundt om i Noreg er ein stor ressurs og har stor verdi.

Sjå for deg to ulike scenario:

Det første: Ein turist står på verandaen din og seier: «Just taking picture». Ein annan set seg på plattingen din inntil husveggen med termos og ullpledd og seier: «Just waiting for the northern lights». Ei britisk dame som berre kjem inn i huset ditt: «Can I just have a glass of water? I’m so thirsty».

Det er mykje trafikk. Store turistbussar. Små turistbussar. Leigebilar. Oppå haugen bak huset ditt står 50 turistar og hoiar og applauderer nordlyset. Ein bygdekafé, full av turistar.

Du må stå på bussen til jobb og skule, for den er også full av turistar.

Turister i Ersfjordbotn

«Just taking pictures». Turistar i Ersfjordbotn.

Foto: Ellen Kathrine Bludd

Over hovudet ditt på din morgonløpetur svirrar ein drone. Det er ikkje vits å gå ned til fjøra lenger, der er alltid så mange turistar som seier: «Isn’t it just so beautiful?»

På den gamle nedlagde skulen står eit gammalt skilt: «No photo», står det. Det var frå den tida det framleis var skulebarn på skulen, og ein ikkje hadde så lyst til at turistane skulle ta bilete av ungane.

Det andre scenarioet: Ein unge sparkar bortover den korte vegen til skulen. I dag skal dei ha natursti og ete lunsj rundt bålet i fjøra. Neste veke skal dei til garden til Tormod og lære korleis ein plukkar poteter opp av jorda. Gjere reint til sauene i fjøset.

Etter skulen dreg den same ungen på fotballtrening oppe på bana, eller på familieklatring i gymsalen.

I helga samlast fleire familiar i fjøra. Fyrer bål. Grillar pølser. Eller går skirennet som blir arrangert fleire søndagar. Verdas vakraste barneskirenn, kallar vi det. Det er kanskje berre 70 barn med, men det er eit skirenn med stor utsikt.

Eg bur i denne fjorden. Og dette er ekte eksempel. Bortsett frå det med skulen i det første scenarioet, den er ikkje lagt ned. Enno.

Men disse eksempla kunne kanskje også beskrive stader i Lofoten, på Dombås, i Geiranger, i Vesterålen eller i Jostedalen. Samstundes som turistar frå Malaysia, Japan, Kina, Brasil, Spania, Storbritannia og andre strøymer på, så har kommunen no føreslått å leggje ned skulen til barna våre.

Turiststraumen er venta å auke i åra som kjem.

Grønt og rødt nordlys i Ersfjordbotn

«Just waiting for the northern lights», sa ein turist som sat inntil husveggen til kronikkforfattaren med termos og ullpledd. Bilete er frå Ersfjordbotn.

Foto: Ellen Kathrine Bludd

Tomt for barnefamiliar

Vi står ved eit vegskilje. Vil vi at våre fjordbygder, fjellbygder, øysamfunn og andre små vakre stader skal fyllast med turistar og tømmast for barnefamiliar?

Eller vil vi halde liv i skulane, liv i idrettslaga, liv i husa, ekte liv i bygda. Vil vi ha eit land som stig fram fullt av turistar?

Eller vil vi ha ungar som veks opp og blir vaksne som er litt furete, litt vêrbitne, som toler ein støyt. Som tek vare på naturen vår, som bryr seg om bygda, som vil flytte tilbake til bygda og oppdra sine barn der fordi det var så fint å vekse opp der.

Eg veit kva scenario eg føretrekkjer.

Ein skule midt i naturen

Eg vil ha eit samfunn der barna kan gå på ein skule som ligg midt i naturen.

Midt i fjorden.

Ein skole der barna får gjere mykje praktisk og variert, vere mykje ute, men også lettare kan jobbe konsentrert. Der lærarane stortrivst fordi klassane ikkje er gigantiske.

Eg vil ha eit samfunn der barna mine kan gå 5 minutt til skulen, ikkje ta buss i ei mil, kvar veg. Eg vil ha eit samfunn der idrettslaget har nok ungar til å fylle fotballaget og få med nok folk på dugnad. Der det er liv og røre i den lokale skateparken.

Eg vil ha eit samfunn der barnefamiliar møtest for å leike på gata, i skolegarden, i skogen eller i fjøra.

I fjorden vår er vi nå i ferd med å miste alt dette. Og det vi får i staden er fleire turistar.

Ein verdi større enn pengar

Kjære lokale politikarar, vil de bytte ut ekte menneske sine liv med fotografi av nordlys i Hongkong og Madrid?

Kva vil de bli hugsa for? Dei som la ned skulane og overlét Bygde-Noreg til masseturisme?

No har de sjansen til å tenkje litt lengre. Tenkje litt større. Kva for samfunn vil vi ha langs den norske kysten? I fjellheimen? På små øyar rundt omkring i landet? Kan det vere at det finst ein verdi som er større enn pengar? Ein ekte menneskeleg verdi. Ein samfunnsverdi.

Kva med å skape eit land der berekraftige lokalsamfunn har den største verdien, med god helse og livskvalitet, og god utdanning i både by og bygd.

Eg trur at det vil vere av høg verdi for landet vårt i generasjonar også i framtida.

Bygda Ersfjordbotn på Kvaløya i Troms med fjord og fjell.

Heimstaden til kronikkforfattaren, Ersfjordbotn på Kvaløya i Troms.

Foto: Ellen Kathrine Bludd

Publisert 23.03.2025, kl. 16.32

Read Entire Article