Etter ein periode med kuldegrader og snø, kjem det eit vêromslag.
Publisert 15.01.2026 17:20 Sist oppdatert 35 minutter siden
Saka oppsummert
- Fredag blir det mildare temperaturar og regn i Sør-Noreg, etter at 2026 har starta med snø og kuldegrader.
- Delar av Vestlandet, Sørlandet og Austlandet kan få mellom 20 og 30 millimeter regn.
- Resten av helga vil by på vekslande vêr med opphald og litt regn.
Oppsummeringa er laga med kunstig intelligens (KI) frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av TV 2s journalistar. Les om korleis vi jobbar med KI
Dei første to vekene av 2026 har vore prega av kuldegrader og snøbyer fleire stader.
Det blir kuldegrader også framover, men først blir det eit lite vêromslag.
– I morgon kjem det eit lågtrykk frå sør, som går inn over Sør-Noreg. Dette lågtrykket har med seg mildare temperaturar og nedbør, stort sett i form av regn veldig mange plassar, seier vakthavande meteorolog Lillian Bergheim i StormGeo.
Det er først når ein kjem frå 500 til 800 meter over havet at nedbøren kjem som snø, fortel Bergheim.
Mellom 20 og 30 millimeter
Ytre delar av Vestlandet, Sørlandet og Søraustlandet kan få mellom 20 og 30 millimeter med regn.
– I samband med lågtrykket kjem det vind opp i sørleg liten kuling langs heile kysten av Sør- og Austlandet, og nordover til Hardangerfjorden, seier Bergheim.
I Nord-Noreg blir det stort sett opphaldsvêr fredag. I Midt-Noreg kjem det litt nedbør fredag ettermiddag.
– Men der er det ikkje snakk om så veldig mykje, seier Bergheim.
Vekslande vêr
Seinare i helga blir det mindre nedbør, men heilt tørt blir det ikkje.
– Då trekk nedbørssystemet vekk frå Sør-Noreg, slik at Sør-Noreg får mykje
opphald gjennom helga, seier Bergheim.
Likevel kan det kome litt regn enkelte stader på Sør- og Austlandet, fortel meteorologen.
– Midt-Noreg får litt nedbør første del av laurdagen, stort sett som regn i låglandet. Nord-Noreg får også litt nedbør på laurdag. Der skal også temperaturen opp, seier Bergheim.
I Bodø vil til dømes temperaturen stige frå null til fem plussgrader. Også der vil nedbøren kome som regn.








English (US)