GJESTEKOMMENTAR: Trumps økonomiske berserkgang og politiske imperialisme skaper ei ny tidsånd hos oss og globalt. Styringsparti som garanterer for tryggleik, får auka appell.
Svein Erik Tuastad
Statsvitar og dr. polit., UiS
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
I politikken er det viktigare å sjå framover enn bakover i tid. Det er verdt å minne om kva som var tankegangen til Senterpartiet og dei ufråvikelege krava då partiet gjekk ut av regjeringa slutten av januar. Det gjaldt å ta inn EØS-direktiv som er viktige for EU. Senterpartiet ville avvise og ta inn lovsaker vi under EØS-avtala alt er forplikta til å følgje. Støre insisterte på at med Trump på banen og tollkrig i kjømda måtte Norge vise seg som ein truverdig samarbeidspartnar for EU i staden for det motsette. Senterpartiet blånekta sjølv om direktiva i seg sjølv ikkje var særleg omstridde.
Ved ein skjebnens ironi blei Trump Støres redningsmann.
I dag kan ein lure på om jamvel Senterpartiet enno meiner det same om partiets eigne ultimatum. Skulle den norske statsministeren då, når det no er tollkrig, sitje i Brussel be om særbehandling frå EU for å unngå å bli ramma av vernetollen EU har rett til å innføre. Så skulle vi på same tid akkurat ha bydd opp EU til kamp ved å nekte å innfri deler i allereie innfridde avtalar?
Bad timing av Senterpartiet, får vi seie. No er tidsånda endra. At Senterpartiets let sin innbitne EU-motstand også styre sin politikk midt i ei skjebnetid, var bakoverskodande. God politikk må sjå framover.
Total omkalfatring
Dette vert skrive like etter at tollkrigen frå Trump offisielt er i gang og same dag som landsmøtet til Arbeidarpartiet skal starte. Knapt noko illustrerer korleis den endra tidsånda, som følgje av Trump, har omkalfatra norsk politikk.
Det kunne blitt landsmøtet frå helvete. Elendige målingar utan lyspunkt, leiarskifte der Støre måtte gå av i vanære og bitre motsetningar like under overflata som eit ulmande bål. Under small-talken mellom delegatar i gangane dirrar spørsmålet om kven si side ein er på. Ja, Ap's landsmøte låg an til å bli som ein fest du var takksam for å sleppe å måtte gå på.
Så er alt snudd på hovudet. Kontrasten til berre nokre månader tilbake er nærast uverkeleg. Støre har ingen utfordrarar som leiar. Det er slutt på dei anonyme kjeldene som fôrar bruk-oss-media med «bli kvitt han»-oppslag. Vil nokon i det heile i Arbeidarpartiet i dag heller ha Brenna enn Støre som statsminister? Og som konsekvens: Vedum i staden for Stoltenberg?
Maktkampen er over, alt opprørarane sit att med, er skam. Team Støre på si side liknar eit vinnarlag. Det kan Støre ta æra for nettopp fordi han tok dei nødvendige kampane både internt og mot Senterpartiet – og så vann han.
Så trampa Trump inn
Det som hadde skjedd imens, var at Trump trampa inn i porselen-butikken Vår liberale orden. Kontinuerleg oppryddings- og ombyggingsarbeid må til i europeiske demokrati. Det endrar kva som vert viktigast i norsk politikk også.
Fire berande element i den internasjonale liberale ordenen er frihandel under avtalte reglar, eit verdifellesskap med menneskerettar og demokrati, eit tryggingspolitisk fellesskap og forankring i felles internasjonale institusjonar som FN og til ein viss grad EU.
No undergrev Trump kvart og eitt av desse elementa. Det krev nyorientering frå dei han råkar og gir eit nytt bakteppe for politikken også hos oss.
Dei siste åra har tidsånda vore prega av stor veljarfrustrasjon på grunn av dyrtid og straumprisar. Det går rimelegvis mest ut over dei som sit med makta, kvar skulle elles misnøya finne vegen? Knappast noka regjering har fått til å forhindre prisveksten, det fanst ikkje verktøy i verktøykassa. Tidsånda har like fullt vore eit politisk klima prega av frustrasjon og til dels sinne blant veljarane, også dei norske.
No kan vi ane ei ny tidsånd i emning, mindre sinne – meir ope for samarbeid. Som eit lite land med ein open økonomi er Norge mellom landa som tener mest på at ein rettsbasert internasjonal orden fungerer.
Tidsånda påverkar partiappell
Kanskje det vi no ser, er større medvit om at geopolitikk påverkar oss i den norske veljarskaren. Ap har etter Senterparti-exiten på kort tid gått fram med rundt åtte prosentpoeng i snitt. Først i april tyder fleire målingar på at også Høgre er i ferd med å kome i siget att.
Tendensen er såleis at dei moderate ansvarlege styringspartia vinn terreng att medan pilene peiker nedover for fløypartia. Ei forklaring på det er at tidsånda og det folk oppfattar er viktig i tida, tener dei partia som er garantistar for trygge løysingar.
Så her og no ser det lysare ut for Arbeidarpartiet og Høgre.
Skjebnens ironi
Paradoksalt nok fører sololøpet til USA til styrkt samhald blant oss europearar. I ei ny undersøking er oppslutninga om EU rekordhøg i EU-landa og 89 prosent svarer at samhald no er svært viktig. Sagt på statsvitarsk: Trumps unilateralisme fremjar vår multilateralisme.
Trumps åleinegang og den kaotiske internasjonale stoda gjer at tidsånda meir ser ut til å gå i retning av verdiar som tryggleik, samarbeid og utanrikspolitisk kompetanse.
Det er jo det Støre kan. Ved ein skjebnens ironi vart Trump redningsmannen hans.
Publisert:
Publisert: 4. april 2025 21:06