Veit de innfødde siddisar kor vakker hamna dykkar eigentleg er?

18 hours ago 6



Til høgre ser me den føreslåtte energisentralen. Husa i Gamle Stavanger ligg til venstre i illustrasjonen.
  • Ingrid Langen Fjose

    Gamle Stavanger

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Eg flytta hit til denne vakre byen for snart to år sidan. Byen med den vakre havna. Havna med historie, Norges historie. Denne havna må bli verna, ho fortjener det.

Innbyggarane i byen fortener det, og dei må vera klar over kva som står for fall, dersom havnevesenet i Stavanger får det som dei ynskjer. Eit trafobygg med landstraum, toaletter og kontor med meir, eit stort bygg, gigantisk bygg!

Tenk at dei ynskjer å bygga inn eit historisk område: vakre Gamle Stavanger fyrst på baksida, rundt om og no altså også på framsida ut mot havna. Dette er uforståeleg. Stavanger har den vakraste perla der, inngangspartiet til den vakre havna og byen.

Eg må stilla meg spørsmålet; er de i Stavanger klar over kor vakker det er? Det er lett å verta «blind» i eigen by. Men som innflyttar og med ferske auge, kan eg fortelja at det er dette folk og turistar ynskjer å sjå.

Den vakre åpne havna og dei pittoreske små husa. Ein by med karakter. Vær så snill og vern om det som om det var gull. Det er nemleg gull det er.

Publisert:

Publisert: 11. mai 2025 15:13

Read Entire Article