MONTERREY (TV 2): Terrorfare, politisk uro og ein president som trugar medarrangørane. Fotball-VM 2026 kan bli eit VM for historiebøkene.
Publisert 13.04.2026 22:15
– Hopp inn, seier Esteban Padilla, pilot om bord på det splitter nye Black Hawk-helikopteret til den luftbårne utrykkingsstyrken til Fuerza Civil.
TV 2 tar plass bak ni spesialpolitimenn, væpna til tennene for å møte alle truslar mot fotball-VM.
Rotoren på helikopteret brøler og hjula slepp den gloheite asfalten.
Eksplosivt kartell-drap
Frå lufta ser BBVA-stadionet fredeleg ut, som eit fort – tilsynelatande lett å kontrollere.
Under årets fotball-VM er det ekstra mange slike arenaer å passe på – heile 16 stadion fordelt på tre ulike land; Canada, Mexico og USA.
Delinga av VM betyr nemleg også at mange ulike tryggingsstyrkar frå tre land, både lokale og føderale, skal jobbe saman for å sikre både spelarar og tilskodarar.
I februar førte drapet på kartell-leiaren «El Mencho» til ei bølgje av vald og uro i delar av Mexico. Minst 25 soldatar blei drepne i den dramatiske militæraksjonen.
Sikkerheitssekretær Gerardo Escamilla Vargas i fylket Nuevo Leon seier til TV 2 at nordmenn har lite å frykte ved å ta turen til Monterrey.
Vargas understrekar likevel at tilreisande fotballfans bør planlegge reisa, og passe på tinga sine som på ei kvar anna reise:
– Då er det svært trygt å vere her, og vi vil ta godt imot dykk, seier han.
Terrorfrykt i ny rapport
Lyden av hammarslag gjallar gjennom den friske vårlufta ei lita dagsreise med fly nordaust frå Monterrey, til Meadowlands i New Jersey, like over Hudson-elva for Manhattan.
To månadar før VM er det framleis mykje arbeid igjen på å ferdigstille terminalen som skal sluse hundretusenvis av fotballfans inn og ut av arenaen, der VM-finalen skal spelast 19. juli.
Og i USA, som i Mexico, er det fleire ting som skaper ein ekstra spenningsfaktor utover det sportslege i årets fotball-VM.
Den politiske splittinga i USA rammar også sikkerheita rundt VM.
Nyleg avslørte nyheitsbyrået Reuters at budsjettkaoset i vinter har ført til store forseinkingar i arbeidet med å sikre arrangementet.
Reuters viste til både føderale og delstatsstyresmakter, og dessutan Fifa-representantar som alle drøfta auka risiko for terrorangrep, blant anna mot transportinfrastruktur.
I tillegg blir det peika på ein auka risiko for demonstrasjonar og valdelege samanstøytar i USA, særleg knytt til den moglege bruken av omstridde Ice-agentar under VM-arrangementa.
Samtidig som våpenstillstanden mellom USA, Israel og Iran er svært usikker, er Iran eit av laga som skal spele kampar i årets VM – og det i tillegg på territoriet til motstandaren i ein pågåande konflikt; USA.
Laget har fleire gonger forsøkt å få flytta kampane sine til Mexico, men fekk denne helga på nytt avslag frå Fifa.
Etter planen spelar Iran no kampar både i Los Angeles og Seattle.
Kritiserer Trump
Tilbake i Monterrey er stemninga høg på morgon-showet Cada Manana – kvar morgon – på den lokale TV-stasjonen, Azteca Noreste.
I fargerikt og forrykande tempo blir sjåarane i det velståande fylket som grensar opp mot Texas servert taco-frukost, saman med virale dansar, morgontrim og spåkoner.
Mario Luna – det lokale svaret på «God morgen Norge» sin Peter Bubresko, har svært lite til overs for korleis Trump sitt USA opptrer i høve til Mexico:
– Eg syns det er forferdeleg det som skjer med våre landsmenn, med mexicanarar i USA. Det gjer vondt å sjå kva dei blir utsette for, seier han og gestikulerer engasjert.
Medprogramleiar Antonella Michelena er litt meir diplomatisk, men er samd i at det blir eit heilt spesielt VM.
– Vi håpar at USA vil ta imot oss med opne armar, slik vi i Mexico ønsker alle velkommen til VM, seier ho med eit skeivt smil.




English (US)