TV 2-Jesper om namnet til kompisen: – Aldri høyrt før

2 hours ago 1



– Eg har aldri høyrt han eller nokon i familien hans seie noko anna enn Ajer.

Det seier Jesper Mathisen, TV 2s fotballekspert og tidlegare lagkompis av Kristoffer Ajer.

Sørlendingen har kjent landslagsstopparen i ei årrekke etter at dei spelte saman i Start.

Eksperten fortel at han har høyrt ein del ulike variantar av namnet til vennen frå tida Ajer spelte i Skottland. Mathisen blei likevel overraska da han høyrde om videoen Fifa sende ut til medium over heile verda.

I videoen seier alle dei norske spelarane namnet sitt slik at uttalen blir mest mogleg rett.

Her seier Kristoffer Ajer klart og tydeleg:

«Kristoffer Aaajer».

SJÅ VIDEO: Denne videoen har fått blant anna Jesper Mathisen til å stusse.

Overraska lagkompisar

Lagkompis Kristian Thorstvedt sperrar opp augene når han høyrer om Fifa-videoen.

– «Aaajer»?, spør Thorstvedt.

– Eg har kalla han «Ajer» heilt sidan eg blei kjent med han. Eg har ikkje fått nokon påpakningar om det. Men han veit vel best, smiler midtbanespelaren.

Kristian Thorstvedt

OVERRASKA: Kristian Thorstvedt har alltid kalla Ajer for «Ajer».

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Landslagsstjerna Jens Petter Hauge blir også overraska.

– Eg seier «Ajer» i alle fall. Han har ikkje korrigert meg på det, seier Hauge til NRK.

– Vanvitig stolt av slekta

Uttale av spelarnamn er ei evig kjelde til diskusjon blant norske fotballsupporterar.

Den kanskje mest intense debatten rasa da NRKs kommentatorar konsekvent sa «Pepp» i staden for «Pe-pe» om den portugisiske stopparkjempa Pepe.

Det har ikkje kokt like mykje rundt Ajer-uttalen ennå

– Det viktigaste for Kristoffer trur eg er at både Vassbakk og Ajer blir brukt, for han er vanvitig stolt av slekta på både mor Vassbakks og pappa Ajers side, seier Jesper Mathisen.

Derfor seier Ajer «Aaaajer»

Språkforskar Helene Uri fortel at ho sjølv har eit etternamn som blir uttalt ulikt på Sunnmøre – der namnet hennar er frå – og på Austlandet der ho er fødd og oppvaksen.

– Mitt namn blir uttalt med same tonelag som «bønner», men alle på Austlandet seier Uri med same melodi som «bønder». Eg er frå Oslo sjølv, og uttaler det på tradisjonelt vis, men bryr meg ikkje om andre seier det «feil», seier Uri til NRK.

Helene Uri

SPRÅKFORSKAR: Helene Uri avbilda i 2021.

Foto: Lise Åserud / NTB

Ho synest likevel at vi skal strekke oss etter uttalen som dei som faktisk ber namnet, ønsker.

– Så om Ajer faktisk ønsker det, bør ein prøve å gjennomføre det. Og nå har jo du og kollegaene dine sjansen, seier Uri og viser til NRK.

Kristoffer Ajer møter pressen

TELEMARKING: Kristoffer Ajers familie, på farens side, kjem frå Lunde i Telemark.

Foto: Peter Cziborra / REUTERS,NTB

Kva seier hovudpersonen sjølv? Kristoffer Ajer smiler, men er relativt kortfatta når NRK spør han om uttalen.

– Eg har aldri vore så nøye med korleis det blir uttalt. Men det er vel «Aaajer» frå Telemark, seier Kristoffer Ajer.

Faren til Kristoffer, Jan Tore Ajer, bekreftar at det som blir sagt i videoen er rett.

– «Aaajer» er slik det blir uttalt i Lunde i Telemark, der namnet kjem frå, seier pappa Ajer til NRK.

Men skal vi tolke sonen og Brentford-spelaren, er ikkje uttalen noko han set to strekar under svaret på.

– Å seie «Ajer» går også fint, smiler den norske VM-stjerna.

Publisert 30.06.2026, kl. 14.56

Read Entire Article