Det blir truleg over 30 grader fleire stader på Sørlandet torsdag.
– Det er det gode sjansar for det. Også i Kristiansand kan det bli 30 grader. Det same gjeld Arendal og Grimstad. Det er nok mange som kjem til å kjempe om å vere varmast på Sørlandet i dag, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss.
Statsmeteorologen kjem med fleire råd før varmen slår til.
– Dei som har tenkt å tilbringe mange timar i sola må hugse solkrem og drikke nok. Oppsøk gjerne skygge og ikkje ver ut for lenge. Vi ser konturane av ei hetebølgje her til lands, seier han.
Men det er ikkje sikkert hetebølgja når Sørlandet, sjølv om det blir høg temperatur dei neste dagane.
– Temperaturen skal synke litt inn mot helga. Lengre austover er det nok større sjans. Men det blir ganske stabilt på Sørlandet fram ei vekes tid. Vi er på makstemperatur i dag, så vil den synke litt. Det vil ligge på rundt 25 grader gjennom helga og rundt 20 i neste veke, seier han.
Arendal lufthavn Gullknapp var landets nest varmaste stad i går.
Det blei registrert 28,5 grader på målestasjonen der.
Berre Drammen var varmare med 29,3 grader, viser ei oversikt Fædrelandsvennen har publisert.




English (US)