– Eg tar den einaste moglegheita eg har til å komme meg til OL i vinter. Det er å satse på hopp.
Det seier kombinertutøvar Gyda Westvold Hansen til NRK.
Kombinertkvinnene har i lang tid kjempa for å komme på OL-programmet, men berre herrane får lov til å konkurrere i Italia denne vinteren.
– OL betyr mykje. Det er det som er det store for alle idrettsutøvarar. Det er noko eg ikkje har vore med på før, men som har vore ein stor motivasjon i mange år, seier Hansen.
6. februar startar OL i Cortina. I utgangspunktet hadde ikkje kombinertdronninga tenkt ho kunne komme seg dit, men det har endra seg i løpet av sommaren.
– Jo meir ut i treningssesongen eg kom, desto meir freista det å komme seg til eit OL. Eg har i alle fall tenkt til å gi det eit heilhjarta forsøk som hoppar, fortel ho.
KOMBINERT-DRONNING: Hansen med delar av kongefamilien etter VM-gullet i Trondheim.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTBFår svar i helga
Allereie denne helga deltar ho saman med hopparane i plastmeisterskapen i hopp i Trondheim.
Ho innrømmer at det blir ein overgang å satse alt på hopp, og legge bort langrennsskia heilt.
– Det krev relativt mykje. I hopp for damer er nivået enormt høgt. Det er også mange gode i Noreg, så det blir spennande å prøve noko nytt. Eg kjenner det gir meg ein liten gnist og motivasjon til verkeleg å gi det vesle ekstra.
Dei siste åra har ho vore den suverent beste kombinertutøvaren. Ho har tatt gullmedaljar i Oberstdorf i 2021, Planica i 2023 og seinast i Trondheim i mars.
– Er det mogleg å bli ein medaljekandidat i OL?
– Det er vanskeleg å seie. Eg har lyst til å prøve å sjå kor god eg klarer å bli. Akkurat korleis eg ligg an samanlikna med dei andre er vanskeleg å svare på, seier ho.
– Kan kaste bort ein sesong
Planen nå er å legge vekk alt som har med kombinert å gjere. I utgangspunktet ser ho for seg å gjere comeback for kombinertlandslaget etter OL.
– Det er i alle fall det eg har tenkt, men vi får sjå kor god eg klarer å bli. Det er viktig å ta det først, seier 23-åringen.
– Eg kjenner eg har alt å vinne eller alt å tape. Enten går det, elles har eg kasta bort ein sesong både når det gjeld hopp og kombinert. Sånn sett er det kanskje litt risky, men eg kjenner det er verd å ta sjansen.
MISTER EIN ELEV: Sportssjef Ivar Stuan må klare seg utan Hansen til vinteren. Ida Marie Hagen blir dermed den store favoritten.
Foto: Geir Olsen / NTBSportssjefen: – Veldig spesielt
Sportssjef for kombinert, Ivar Stuan, mistar sin største medaljegarantist dei siste åra, men forstår godt valet hennar.
– Det er veldig spesielt at ein i 2025 må skifte idrett for å komme seg til OL. Vi har vore positive frå første sekund. Den sjansen Gyda har nå, får ho kanskje aldri igjen, meiner han.
Han har jobba hardt for få kombinertkvinnene til OL.
– OL er viktig og stort. Det er det største ein idrettsutøvar kan vere med på.
– Er døra open om ho vil tilbake til dykk?
– Døra er vidopen. Ho vil komme tilbake i god form og vere med frå første augeblink ho ønsker. Ho har ei særstilling og ein plass som ingen har i det norske laget, seier Stuan.
Viss Hansen melder overgang tilbake etter OL, rekk ho to verdscuphelgar i kombinert.
Aalbu: – Vi skal ta ein prat
Sportssjef for hopparane, Jan Erik Aalbu, synest det er hyggeleg at verdsmeisteren i kombinert vil prøve å hoppe seg til OL.
– For laget er det fint med konkurranse om plassane og at vi hevar nivået. Det er ingen tvil om at Gyda har vist eit stort potensial gjennom mange år i ein hoppbakke. Med meir dedikert trening, kan ho utvikle seg vidare, seier han.
Sportssjefen fortel at han blei ringd opp av ho tidlegare i veka.
Aalbu seier han var tydeleg på at ho måtte avklare det med kombinertlandslaget først, fordi han ikkje ønsker å overtale nokon til å melde overgang frå eit anna landslag.
– Ho verka oppriktig gira på å gi det eit ordentleg forsøk. Vi skal ta ein prat i Trondheim i løpet av helga, seier han.
Publisert 22.08.2025, kl. 18.43 Oppdatert 22.08.2025, kl. 18.46