Verdsmeisteren mottatt som helt – får ikkje spele i heimlandet

5 hours ago 5



Måndag løfta han VM-trofeet som bevis på at han er verdas beste snookerspelar, like etter å ha returnert frå ei utestenging.

Den kinesiske spelaren blir kalla «syklonen» og er den første spelaren frå Asia som vinn VM i snooker.

– Eg kan ikkje tru det, sa den ferske verdsmeisteren etter å ha løfta trofeet.

I tillegg til VM-trofeet tar han med seg nesten 7 millionar kroner i premiepengar heim til Kina.

Torsdag landa han på flyplassen i Kina, og fekk ei enorm mottaking.

– Det var 150 millionar som såg finalen berre i Kina. Han er ei superstjerne, seier snooker-kommentatoren Edwin Ingebrigtsen til NRK.

Zhao Xintong

VELKOMMEN: Zhao Xintong fekk blomstrar på flyplassen.

Foto: - / AFP / NTB

Men her får han ikkje lov til å utøve idretten.

Kampfiksingsskandalen

Xintong var involvert i ein historisk skandale i snooker for to år sidan. Fleire kinesiske spelarar enda opp med lange utestengingar, to av dei på livstid.

Ei rekke kinesiske spelarar blei dømte etter å ha fiksa kampar, kome med truslar og bestikkingar.

Zhao Xintong fekk først ein suspensjon på 30 månader. Etter å ha innrømma å ha fiksa to kampar og at han vedda pengar på eigne kampar blei straffa redusert til 20 månader.

– Han var veldig lovande, så fekk kan straffa midt i fleisen. Dermed måtte han kvalifisere seg til VM. Å vinne VM etter å ha kvalifisert seg er det berre to som har klart før han, seier Ingebrigtsen.

Han var speleklar 1. september i fjor, men i heimlandet Kina heldt dei oppe straffa. Der får han først lov til å spele snooker 1. juli.

– Det kinesiske biljard- og snookerforbundet bekreftar at sanksjonane berre gjeld i Kina, og at Zhao Xintong kan spele utanfor Kina når den internasjonale suspensjonen er over, melde Det kinesiske biljard- og snookerforbundet i ei pressemelding i september.

Skandalen i 2023 slo ned som ei bombe i sporten.

– Naivt

Zhao Xintong tok verdsmeistertittelen etter siger mot Mark Williams. I semifinalen slo han ut legenda Ronnie O’Sullivan, tidenes største snooker-profil.

Han har naturlegvis fått med seg skandalen.

– Nokre av dei involverte var ganske uheldige. Eg kjenner ikkje til alle fakta i saka, men etter det eg har høyrt var nokon av dei litt naive, seier O’Sullivan ifølge The Mirror.

1. juli kan han igjen svinge biljardkøa også på heimebane. I Kina er ein ny generasjon spelarar i gang med jobben om å bli andre verdsmeisteren i historia frå Kina.

Zhao Xintong holder et trofé

VERDSMEISTER: Zhao Xintong saman med pokalen som bevis at han er verdsmeister.

Foto: Mike Egerton / AP / NTB

Publisert 09.05.2025, kl. 22.38

Read Entire Article