Vestlandsopprør: Fleire i Vestland Ap seier dei føler seg lurt og dolka i ryggen

3 hours ago 2



Det kokte i salen då Vestland Arbeidarparti samla seg til møte laurdag.

Mange av partiets eigne tillitsvalde og ordførarar gjekk hardt ut mot regjeringa etter at statsbudsjettet fjerna støtteordningar som var lova i valkampen.

Særleg lovnader om ordninga med nedskriving av studiegjeld i distrikta og gratis ferjer svei mest.

– Vi er brukte som nyttige idiotar i denne saka. Nokon visste at vi ikkje snakka sant, sa Vik-ordførar Roy Egil Stadheim.

Sterke reaksjonar i salen

Stadheim kalla saka eit alvorleg tillitsbrot og åtvara mot konsekvensane ved neste val.

– Det handlar ikkje om ambisjonar, men om kva som vart lova til veljarane. Ap skal vere eit parti folk kan stole på.

No ventar han at regjeringa tar inn att ordninga med nedskriving av studiegjeld.

Det er ikkje fyrste gong Ap-ordføraren kritiserer eige parti.

Fredag sa han til NRK at han følte at partiet hadde loge til eigne veljarar.

en mann som snakker inn i en mikrofon

Roy Egil Stadheim, ordførar i Vik kommune.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Fleire andre delte frustrasjonen.

Per H. Löfgren Johansen frå Kvinnherad, sa han følte seg «lurt og sint», medan Jon Rune Ugulen Kristiansen frå Bjørnafjorden meinte mange føler seg «dolka i ryggen».

– Det kan ikkje vere rom for å føre veljarane bak lyset. Dette må ryddast opp i og raskt, sa Kristiansen.

en mann som snakker inn i en mikrofon

Per H. Löfgren Johansen frå Kvinnherad.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Også Henriette Mori Lien frå Bjørnafjorden tala sterkt frå talarstolen.

– Vi er blitt haldne for narr, gjort til løgnarar, frårøva truverd og integritet. Det er nesten ikkje til å halde ut, sa ho.

Siri Sandvik frå Stad peika på at kuttet i studiegjeldsordninga sårar særleg i Sogn og Fjordane, der mange unge har basert seg på ordninga for å flytte heim.

– Vi fekk ingen signal i valkampen om at dette sto på spel, sa Sandvik.

Ho oppmodar regjeringa til å rette opp både tilliten og budsjettet.

Vestre forsvarte budsjettet på veg til møtet

Fredag la både statsminister Jonas Gahr Støre og næringsminister Jan Christian Vestre seg langflate og beklaga at dei hadde kome med uriktig informasjon om både gratis ferje og sletting av studiegjeld i valkampen.

Vestre forsvarte prioriteringane i budsjettet på veg inn til møtet.

– Det er alltid engasjement på Arbeidarpartiets møter, og det skal det vere. Både med takhøgd og ærlege, tydelege tilbakemeldingar til kvarandre, sa Vestre.

Han forklarer at regjeringa har måtta prioritere hardt i årets statsbudsjett for å satse på Forsvaret.

– Vi har ønska og foreslått å innføre ei gjeldsletteordning i distrikta. Den kjem på plass i neste års statsbudsjett.

en person i dress som sitter ved et bord med en penn

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Meld seg ut i protest

Også blant trufaste medlemmar har misnøya fått konsekvensar.

Svein Erling Høylo (78), frå Fjærland i Sogn fortel NRK at han har meldt seg ut av Arbeidarpartiet etter meir enn 60 år som medlem.

Han meiner regjeringa har brote sentrale valløfte.

– Eg oppfattar budsjettet som brotne valløfte og direkte løgn frå regjeringa, seier han.

en person med et alvorlig uttrykk

Svein Erling Høylo melde seg inn i Ap då han var 16 år. Heile sitt liv har han høyrt til eitt parti, fram til no.

Han legg til:

– No gidd eg ikkje meir. Samvitet mitt gjorde at eg kuttar.

Høylo seier han skjønte allereie i sommar at løfta om ferjeprisar og studiegjeldslette ikkje kom til å bli haldne, og at han difor slutta å stå på stand for partiet.

mann i rød t-skjorte som held eit papir

Svein Erling Høylo med eitt av mange kontingentbrev han har fått opp gjennom åra. No blir det ikkje fleire.

Foto: Privat

– Det er alltid leit viss nokon melder seg ut av partiet vårt. Vi er eit stort lag, og oppgåva vår er å innfri politikken som landsmøtet har vedteke. Men det er ikkje mogleg å innfri alt vi ønskjer i eitt statsbudsjett, sa Vestre på spørsmål om dei som har meldt seg ut i protest.

Jaffery mana til å kome seg vidare

Frå regjeringa prøvde kulturminister Lubna Jaffery å dempe temperaturen.

Ho bad partifellane sjå heilskapen i budsjettet.

– Det er harde prioriteringar som må gjerast. Vi må tole at folk gjer feil, riste det av oss og kome oss vidare, sa ho.

Lubna Jaffery holder en mikrofon

Kulturminister Lubna Jaffery prøvde å dempe temperaturen på møtet.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Men fleire på Vestlandet meiner tilliten no heng i ein tynn tråd.

– Det tar lang tid å vinne tillit, men berre eit augeblikk å miste han, sa Arve Helle frå Kvinnherad.

Kraftig kritikk frå fleire hald

Også utanfor Vestland Ap møter regjeringa hard motbør.

Tidlegare regjeringspartnar Trygve Slagsvold Vedum (Sp) sa fredag at han fekk personleg garanti om at studiegjeldsordninga skulle bli gjennomført.

No krev Vedum eit nytt budsjettforslag frå Arbeidarpartiet.

Høgre-leiar Erna Solberg meinte på si side at Støre «løy om ferjeprisane», medan Frp-leiar Sylvi Listhaug kalla det «løgn både om Frp, Høgre og eiga politikk».

Publisert 18.10.2025, kl. 19.08

Read Entire Article