Ein mann i slutten av tjueåra, frå Vestlandet, er no dømd for drapet på polske Pamela, melder BA.
Pamela vokste opp i Polen, men flytta til Bergen sammen med faren sin i ungdomsårene. I Noreg fekk ho born saman med mannen som no er dømt.
– For få minutt siden annonserte retten ein dom kor tiltalte er dømt til livstid i fengsel. Aktoratet meinar at dommen er rettferdig, skriv aktor Bartosz Janiszewski til BA.
Den 26 år gamle småbarnsmora Pamela vart funnen drept i si eiga leilegheit, medan deira fem år gamle dotter var forsvunnen.
Kvinna sin ekskjæreste, ein mann busett i Bergen, hadde vore på besøk og vart raskt hovedmistenkt. Han vart etterlyst, og på motorveien i København vart den døde kvinnen sin bil stansa seint same kveld.
I bilen sat mannen og dottera. Han vart då pågripen og sikta for både drap og kidnapping av bornet.
Polsk politi har tidlegare sagt til NRK at dei meinar motivet for drapet er knytta til bornet.
Publisert 24.04.2025, kl. 13.36 Oppdatert 24.04.2025, kl. 13.59