Vi har fortsatt mykje natur i Norge

1 month ago 36



Når flyet lettar frå ein av dei mange flyplassane i Norge, ta ein kikk ut av vindauget 8-10 minutt etter «take off». Det du ser er skog, myr, vatn, fjell: Natur.

Når 1,7 prosent av Norges areal er utbygd, vitner det om at kommunane våre jamt over handterer areala og driv arealforvaltning på ein klok måte, skriv innsendaren. Biletet er frå Bygland. Foto: Jacob J. Buchard

Vi høyrer stadig at Norge bygges ned. Bit for bit. At arealendringar utgjer ein permanent trussel og at det blir stadig større mangel på natur. I media; radio, tv, aviser; i møte menneske imellom, høyrer vi at det snart ikkje er natur igjen.

Vi blir minna om dette då Fædrelandsvennen på leiarplass her om dagen under overskrifta «Bygland viser vei» slår eit slag for at andre kommunar på Agder bør sjå til Bygland som nå gjer om tidlegare planer om å avsette større område til utbygging av hytter.

Bygland viser vei

Åpen

Kor mykje utbygd areal har vi i Norge? Når spørsmålet blir stilt i gallup, til studenter på bedriftsbesøk, i møte med interesseorganisasjoner eller i samtale kvinne og mann imellom, seier dei fleste: 10-50 prosent.

Det rette talet er 1,7 prosent.

I Oslo kommune, til dømes, er mindre enn 30 prosent bebygd. Det vil seie at innbyggjarane i Norges hovudstad har meir enn 70 prosent å kunne boltre seg i for friluftslivsaktiviteter og dess like.

Så bra! Og alt dette i fylgje Statistisk sentralbyrå sine oppgåver.

Det utbygde arealet på 1,7 prosent omfattar alt, frå gardstun og byar til hytte- og bustadsfelt, motorvegar, industriområde mv. Jordbruk stend for 3,5 prosent, eit så lågt tal at det er særs viktig å slå ring rundt og å verne desse så viktige arealressursane for matsikkerheit og beredskap. Fjell, heieområde, myr og vatn utgjer 57 prosent og dei resterande 37,8 prosent er skog av forskjellig bonitet og kvalitet. 6 prosent av skogen er verna, medan rundt 30 prosent er underlagt strenge restriksjonar. Her finn vi ma. kantsoner mot myr, vatn og vassdrag, biologisk viktige område og skog opp mot fjellet.

Vi avvirker rundt 10 millionar fm3 tømmer kvart år, noko mindre enn tilveksten. Dette representerer rundt 2 prosent av skogarealet årleg. Skogbruket er eit krinsløp der det blir planta eller naturforynga etter hogst. Skogen veks år for år, og tek opp om lag 40 prosent av Norges årlege CO2 utslepp.

Vi er heldige i Norge, og vi skal tenke oss godt om før vi byggjer ned areal. Norske innbyggjarar er glade i natur og friluftsliv med vandring sommar og vinter, forskjellige idrettsarrangement, fotografering, inspirasjonskjelde for kunst: litteratur, maling, musikk; alt dette gjev skogane våre og naturen rik tilgang til.

Det skal vi vere takksame og glade for og stolte av. Ved utbygging skal vi verne om den dyrka og dyrkbare jorda og skog av høg bonitet. Å utnytte areal i tettbygde strok som alt er utbygd, er fornuftig.

For ei tid sidan møtte eg eit tysk par som fortalte at det var deira fyrste besøk til Norge. Eg spurde korleis dei opplevde det, og dei svarte at då dei kom med ferga til Kristiansand og tok til på turen oppover RV 9, var det omtrent som i Tyskland: Menneske, bilar, hus, trafikk. Men dei skulle ikkje reise mange kilometer før dette endra seg: Ingen hus, ikkje menneske, berre skog, myr, vatn, eit typisk knudrete sørlandsk landskap. Dette hadde dei aldri opplevd før, og dei var fascinerte.

Når 1,7 prosent av Norges areal er utbygd, vitner det om at kommunane våre jamt over handterer areala og driv arealforvaltning på ein klok måte.

Som tala frå SSB syner, har vi fortsatt mykje natur i Norge.

Heldige er vi.

Read Entire Article