Regjeringa har lyst ut sytti nye område for leiting etter olje i norske havområde.
Kort oppsummert
Regjeringen har annonsert sytti nye områder for oljeleiting, inkludert et omstridt område nær Listas strender som regnes som sårbart.
Miljødirektoratet advarer mot boring mindre enn 25 km fra kysten, da utslipp kan skade uerstattelige naturverdier.
Det omstridte området ved Norskerenna har et unikt økosystem med sjeldne arter, inkludert en nøkkelart i den pelagiske næringskjeden.
Oppsummeringen er laget av AI-verktøyet ChatGPT og kvalitetssikret av våre journalister.
Les mer om hvordan vi forholder oss til kunstig intelligens.
Eitt av dei ligg knapt ei mil frå strendene på Lista. Området overlappar med Norskerenna og er definert som eit særleg verdifullt og sårbart område i den heilskaplege forvaltningsplanen for havområda våre. Faglege instansar rår frå å tillate oljeboring i dette området. Men det er tydelegvis ingen grenser for kva naturverdiar regjeringa er villig til å ofre på oljeindustriens alter.
Stor risiko
Miljødirektoratet åtvarar sterkt mot å bore etter olje nærare enn 25 km frå land. Skulle det skje eit oljeutslepp så nær land, så er det små sjansar for å fange opp oljen før han når strendene. Med ein avstand på berre 10 km blir risikoen for å øydelegge kystnaturen endå større. Det er ein risiko vi ikkje bør ta. Vi bør ta vare på sørlandskysten for framtidige generasjonar.
Lista har Noregs største førekomst av observerte fugleartar. Sjeldne og utryddingstruga artar har deler av livsgrunnlaget sitt her. Dei store samanhengande områda med intakt kystnatur og våtmarker er heilt unike. Listastrendene har vernestatus etter den internasjonale Ramsar-konvensjonen, og dei blir omtalte som heilt spesielle i internasjonale media. Oljeboring nær land er å spele hasard med uerstattelege naturverdiar.
Eget avsnitt
Det området som no er opna for oljeleiting, er så verdifullt at det har fått eit eige avsnitt i høyringsfråsegna frå Miljødirektoratet. Området omfattar delar av Norskerenna som er ei unik djuprenne med andre eigenskapar enn områda omkring. Biologien skil seg frå resten av Nordsjøen. Vi finn mellom anna overvintrande raudåte, som er ein nøkkelart i den pelagiske næringskjeden.
Området har rikare førekomstar av bambuskorall og sjøfjør enn andre delar av Nordsjøen. Det spesielle dyresamfunnet i Norskerenna er eit særprega økosystem med eit unikt biologisk mangfald. Sjølv utan uhell kan petroleumsaktivitet få store negative konsekvensar for dette verdifulle og unike området. Oljeaktivitet i dette området og i området lenger vest vil også skape problem for fiskeriaktiviteten.
Olje på hell
Klimautvalet 2050 som blei sett ned av regjeringa, foreslår ein nedtrappingsplan for norsk oljeaktivitet for å nå klimamåla våre. Men uansett kva ein meiner om dette forslaget, vil petroleumsaktiviteten avta. Naturverdiane og dei marine økosystema er derimot evigvarande. Vi kan ikkje la ein oljeaktivitet på hell få rasere dei evigvarande verdiane våre og det langsiktige livsgrunnlaget vårt.









English (US)