– Vi forventar å vere om lag 5000 menneske som skal heie våre spelarar opp og fram, seier Service and Quality Manager Svein í Heiðunum.
Ferja kom til Oslo klokka tre natt til fredag, nokre timar før planen.
Midt i frukosten på båten står Svein og supporter Karis vid Brúgv klare for første kampen i kveld mot Sveits.



Svein í Heiðunum og Karis vid Brúgv skal sjå kampen i kveld.
foto: Nadir Alam– Dette blir den beste festen og stemninga. Vi bur på eit skip og får ein lang cruisetur i lag. Det blir som eit flytande hotell midt i Oslo, seier Karis.
Ho legg til at stemninga på båten er på topp.
– Vi har hatt quiz, karaoke og riktig god mat.
Ein tidel av Færøyene
Dei 1000 som kom med ferja er ikkje åleine om å ta turen til Oslo frå Færøyene. Torsdag var det heile ti flyavgangar mellom Færøyene og Oslo.
Totalt er det venta at godt over ein tidel av dei om lag 55.000 innbyggjarane i øyriket kjem til Oslo.
– Karis, du har tatt med familien din hit, kvifor er dykk så interessert i handball?
– Det er berre noko ein har vakse opp med på Færøyene, og spesielt no som landslaget vårt er så ungt. Dei har gjort stor suksess, og kommen lenger enn dei har drøymt om, seier Karis.
Færøyenes målvakt Nicholas Satchwell jubla da det blei uavgjort mellom Noreg og Færøyene i EM i Berlin i 2024.
Foto: NTBBåde manager og supporter har klare tankar om korleis dei håpar EM går for det færøyske herrelandslaget.
– Både spelarar, trenarar og supportarar forventar å vinne kampane her i Oslo, for tidlegare har vi berre fått uavgjort i sluttspel, seier Svein.
Supporterane på båten mimrar tilbake til uavgjort mot Noreg i Berlin i 2024 og syng i kor:
– Vi kan kjøpe heile Noreg om vi vil!
Stor kapasitet
Ferja Norröna har kapasitet på opptil 1482 passasjerar og 800 bilar, og ho har vore i drift sidan 2003.
Til vanleg seglar skipet på ruta frå danske Hirtshals til den færøyske hovudstaden Torshavn, og vidare til islandske Seyðisfjörður.
Båten Norröna ligg til kai i Oslofjorden.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBFrå fredag til tysdag skal Norröna derimot liggje til kai på Akershuskaia i Oslo, der ei rekke cruiseskip pleier å ankre opp i sommarsesongen.
Kaia ligg, slik namnet tilseier, ved foten av Akershus festning.
Kampane går føre seg i Unity Arena på Fornebu i Bærum.
Færøyane spelar mot Sveits fredag. Montenegro på søndag og Slovenia på tysdag.
Mellom kampane er det hyra inn underhaldning om bord på ferja.
Publisert 16.01.2026, kl. 16.54










English (US)