Baneheia-saka
Han er frifunnen for barnedrapa i Baneheia for 25 år sidan. Tysdag vitnar han i retten mot sin gamle kamerat.

TV 2 oppdaterer denne saka undervegs!
Han ønskte ikkje vera her, men vitnemålet hans blir sett på som svært sentralt for Gulating lagmannsrett.
Difor møtte Viggo Kristiansen i rettssalen i Bergen tysdag morgon. Han var kledd i dongeribukse, grå genser og sa «god morgon» til lagdommarane då han stilte seg i vitneboksen.
Han såg også mot tiltalebenken og Jan Helge Andersen då han kom inn.
Men Andersen hadde blikket sitt festa i ein annan retning og såg ikkje bort på sin gamle kamerat. I rettssalen er det få meter mellom dei to.

– Veldig tungt
– Dette er ein belastning. Det er tøft og veldig tungt, sa Kristiansen då han sette i gang sitt vitnemål.
Han gav også uttrykk for at det var tøft å ha media til stades, fordi «media ikkje har behandla meg så godt dei siste 25 åra».
I lagmannsretten har Jan Helge Andersen heldt på sin versjon av hendinga: Viggo Kristiansen lokka Lena Sløgedal Paulsen og Stine Sofie Sørstrønen av stien og var den mest aktive parten under dei brutale valdtektene og drapa.
Men Kristiansen er altså reinvaska mot skuldingane han sona nærare 21 år i fengsel for.
– Kva tykkjer du om at Andersen held på standpunktet sitt her i retten?
– Eg er ikkje heilt sikker på kva eg skal svare på det, sa Kristiansen.
– Det er også eit svar, sa lagdommar Elisabeth Deinboll.
Vil styre utspørjinga
Under behandlinga i Sør-Rogaland tingrett i fjor vart det temperatur under vitnemålet til Viggo Kristiansen.
Før Kristiansen sin forklaring til lagmannsretten, gjorde lagdommar Deinboll vitnet merksam på at ho ville følgje godt med.
– Som rettens leiar vil eg våke over at dei spørsmåla du blir stilt, har ein relevans for det spørsmålet vi skal ta stilling til: Om vi kan sjå vekk frå Andersen sin forklaring i denne saka.
Ho la til at ho er klar over at saka er svært spesiell for Kristiansen.
– Men Andersen har som tiltalt ein rett til å gi sin forklaring. I uskyldpresumpsjonen ligg det heller ikkje eit hinder for at andre aktørar får stille deg som vitne spørsmål som er eigna til å belysa Andersen si forklaring, minna ho om.