Vil avvikle Helseplattforma: – På tide å skjere bort denne IT-svulsten

9 hours ago 4



– Helseplattforma må skrotast. Alle helsearbeidarar som har brukt han veit at det går ut over pasientsikkerheita og kvardagen til dei som må bruke han.

Det seier lege og MDG-politikar Marius Dalin.

– No er det på tide å skjere bort denne IT-svulsten, sjølv om det gjer vondt for dei som har prestisje i dette prosjektet.

Marius Dalin

– Som lege gjennom over 30 år har eg sett kva som skjer når systema som skal hjelpe oss blir ei barriere mellom pasient og behandlar, seier Marius Dalin frå MDG.

Foto: William Jobling / NRK

– Å vere lenka til eit gamalt amerikansk system laga for å fakturere dei amerikanske forsikringsselskapa er å gå baklengs inn i framtida, og det motsette av det som er nødvendig for betre pasientsikkerheit og gje meir tid til behandling, legg Dalin til.

Miljøpartiet dei grøne har torsdag fremma eit forslag på Stortinget om å avvikle det omstridde journalsystemet:

Helseplattforma har truga pasienttryggleiken

I 2024 la riksrevisjonen fram ein knusande rapport, der det blei slått fast at innføringa av Helseplattforma har truga pasienttryggleiken.

På litt over to år auka gjennomsnittleg ventetid frå 65 til 84 dagar ved sjukehusa i Midt-Noreg.

I tillegg har Helseplattforma fått mykje kritikk frå tilsette på sjukehusa.

Statsforvaltaren har kopla dødsfall direkte til Helseplattforma, og Helsetilsynet har konkludert med at systemet har ført til auka risiko for svikt i pasientbehandlinga.

Også Riksrevisjonen har skulda prosessen rundt Helseplattforma for å ha svak styring, manglande heilskaplege risikovurderingar og fråvær av tilstrekkelege tiltak for å redusere kjent risiko.

Ei stemme redda Helseplattforma i fjor

For om lag eit år sidan sa Stortinget nei til å undersøke om dei skulle skrote Helseplattforma.

Forslaget om å undersøke om der kan vere ei alternativ løysing til Helseplattforma blei vraka med ei stemme.

Senterpartiet, SV, Rødt, KrF, Pasientfokus, Frp, Venstre og MDG sa alle at dei ville stemme for ei utgreiing om å skrote Helseplattforma. Men dette var ikkje nok til å få gjennom forslaget.

Tidlegare Sp-politikar Ola Borten Moe stemte mot sitt eige parti og for at Helseplattforma skulle bli vidareført.

No fremmar altså MDG forslag om å igjen skrote det omstridde journalsystemet.

– Heilt uansvarleg å snakke om skroting

Samstundes som forslaget om å skrote Helseplattforma har blitt fremma på Stortinget, er det styremøte i Helse Midt-Noreg.

– Heilt uansvarleg å snakke om skroting.

Det sa styreleiar i Helse Midt-Noreg Per Axel Koch i møtet, ifølge Namdalsavisa.

Han åtvara om store økonomiske konsekvensar dersom politikarane skrotar Helseplattforma.

– Det er heilt uansvarleg å tenke seg at me skal byte. Me snakkar om 10 til 15 milliardar kroner. Me må ikkje leike med at det berre er å trykke på ein ny knapp for å få eit nytt system, sa han ifølge avisa.

Men overlege ved Sjukehuset Namsos, Håvard Hagen, gleder seg over at det no kan bli slutt på bruken av det omstridde journalsystemet.

– Viss forslaget blir vedtatt er det veldig gledeleg. Det er fantastisk at politikarane er villige til å ta ansvar for å få stoppa det me meiner vil bli eit vedvarande økonomisk problem for sjukehusa i Midt-Noreg.

Håvard Christian Hagen

Overlege Håvard Hagen ved sjukehuset Namsos

Foto: Espen Andreas Sandmo / NRK

Også tillitsvald for overlegane ved Sjukehuset Namsos, Mathis Heibert, er glad for MDG sitt forslag.

– Og eg meiner det er fullt mogeleg med ei styrt avvikling av Helseplattforma. I ein ny rapport frå Helse Midt-Noreg kjem det jo fram at det er mykje risiko knytt til bruken av Helseplattforma, seier Heibert.

– Helseplattforma har også gjeve tilsette ei ekstra arbeidsbelasting. I tillegg til mangelfull samhandling med primærhelsetenesta, og mangelfull økonomisk gevinst, legg han til.

Publisert 05.03.2026, kl. 12.00 Oppdatert 05.03.2026, kl. 12.50

Read Entire Article