Dei fire neste åra vil fylkesrådet bruke over 2 milliardar kroner på investering i skulebygg og undervisningsutstyr i Nordland.
Det opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.
– Dette er enorme løft for fylkeskommunen. Vi snakkar om over 1,3 milliardar kroner i Narvik, og totalt 1,6 milliardar i Mosjøen, seier fylkesrådsleiar Marianne Dobak Kvensjø i Høgre.
Midlane skal sikre at to av fylket sine største skular vil få heilt nye og moderne undervisningslokale. Det står i perspektivmeldinga som skal bli behandla i fylkestinget i juni.
Kleiva og Inndyr skal også få opprustingar.
Ifølge fylkesråd for utbygging og eigedom, Sisilja Viksund i Høgre, vil fylkesrådet sette av 40 millionar kroner til oppgradering av elevhyblar på Kleiva.









English (US)